Blogg

Framtidsretta møte om kamp for kvinnefrigjering og mot æreskultur

Tekst av Anne Kalvik

Den 28. september arrangerte Kvinnegruppa Ottar Rogaland eit dagsseminar om kvinnefrigjering og kampen mot æreskultur og sosial kontroll. Me valte å halda seminaret midt i byen, på Kulturhusets «Møteplassen», og var godt synlege for folk på bytur. Det var drøyt 20 frammøtte, og fyrste innleiar var Amal Aden, med foredraget «Æreskultur og kampen for frihet – kvinner som gjør en forskjell». Aden, som kjent norsk-somalisk forfattar, foredragshaldar og samfunnsdebattant, har lang erfaring med å stå opp mot æreskultur, sosial kontroll, fordommar og stigmatisering.

IMG_1673.JPG

Ho fortelte om korleis ho har møtt individ og grupper både i minoritets- og majoritetsdelar av det norske samfunnet, og kva utfordringane og lærdommane har vore i eit kvinnefrigjeringsperspektiv. Aden inspirerte forsamlinga med si overtydande analyse av kva ressursar innvandrarkvinner sit med, og kva som må til for at deira ressursar og liv skal få utfalda seg i det norske samfunnet. Tiltak retta både mot innvandrargrupper i det heile, mot kvinnene sjølve og det norske hjelpeapparatet, er naudsynt. Det er heller ikkje nok med matlaging og sying som «kvinneinkluderande» aktivitetar, folk må få ta i bruk heile seg og alle sine ressursar, og språkopplæring og gode tolketenester er ein uhyre viktig inngangsport her. For oss som organiserte feministar er det også veldig viktig å ha kontaktpersonar og nettverk inn mot ulike miljø, men det å ope identifisera seg med radikalfeministar kan vera utfordrande både for kvite majoritetskvinner og minoritetskvinner.

IMG_1674.JPG

Deretter følgte Kvinnegruppa Ottars Sara Mauland opp med eit flott foredrag om dei fem hersketeknikkane i tradisjonen etter Berit Ås, i nyare tid utvida til sju. Hersketeknikkane fungerer på tvers av kulturar, minoritet og majoritet, og det var kjærkome for forsamlinga å bidra med eigne erfaringar, drøfta korleis undertrykkingsmekanismane fungerer, og ikkje minst, korleis desse kan møtast med medvitne motstrategiar.

IMG_1676.JPG

Siste foredrag var ved Kvinnegruppa Ottars leiar Ane Stø, med ein kraftfull gjennomgang av «Kvinneundertrykking og kvinneorganisering». Stø understreka kor gjennomgåande viktig kampen mot vold og utnytting og kontroll av kvinnekroppen er for det store kvinnefrigjeringsprosjektet, og at organisering, kontinuitet og synlegheit er avgjerande for kampen. Kvinneundertrykking og rasisme går også hand i hand, og Kvinnegruppa Ottars analyse har alltid handla om å sjå ulike undertrykkingsmekanismar i samanheng, for mest mogleg effektiv og målretta innsats. Seminaret blei avslutta med erfaringsdeling og evalueringar for vegen vidare, med gode innspel frå dei frammøtte, og med nye bekjentskapar og utviding og styrking av nettverk. I løpet av dagen hadde me deilig lunsj med pizza. Takk til alle som deltok, og til Kunnskapsdepartementet for økonomisk støtte.