Blogg

8. mars i Stavanger

Tekst av Anne Kalvig i Kvinnegruppa Ottar Stavanger.

8. mars i Stavanger fekk rekordoppslutning i 2019! Tal på oppmøtte var mellom 1200 og 2000, ei dobling frå i fjor.

Sara Nustad Mauland frå Ottar leia møtet i Byparken, Kari Elisabeth Kaski (SV) var hovudtalar, Laura Montiel frå Grøn Ungdom heldt ungdomsappell og Ayan Jama (Ap) heldt internasjonal appell. Abort- og klimakamp som kvinnekamp sto sentral i talane.

Det var venta stort oppmøte og engasjement grunna Solbergregjeringa sine åtak på abortlova, og grunna pågåande saker som nedbygging av barselomsorg, kampen mot seksuell trakassering i form av MeToo, kamp mot utarming av velferdsstaten og mot vold mot kvinner og så vidare.

Den nasjonale protestdagen mot endring av abortlova 17. november, opphavleg eit Ottar-initiativ, hadde fått mange ut i gatene som ikkje elles ville brukt denne protestforma, og dette forplanta seg nok også til årets Internasjonale kvinnedag og tog.

8. marskomiteen hadde i år også representantar frå Grøn Ungdom og Høgre og opplevde godt praktisk samarbeid. Likevel gjekk utanforståande frå Høgre i Stavanger høgt ut i media og anklaga Ottar og venstresida for å ha kuppa heile dagen, noko som framsto som kunnskapslaust.

Media har vist stor interesse for årets arrangement, og NRK Rogaland hadde for fyrste gong direkte tv-sending frå møte og tog. Hovudparolene som var røysta fram av parolevedtaksmøtet i februar, var: Forsvar selvbestemt abort - fjern nemdene - Siste varsel - styrk barsel - Sex uten samtykke = voldtekt. Ny lov nå! - Prioriter etterforskning av voldtekt - Voldtekt i krig =Krigsforbrytelse - FN resolusjon 1820 - Stopp vold mot kvinner - Nei, til kjønnslemlestelse - Prostitusjon er slaveri - styrk sexkjøpsloven - Ja til 6 timersdagen - nei til deltid - Pensjon fra første krone - Likestill turnus og skiftarbeid - Verden vinner med utdanning til alle kvinner.

Toget gjekk i år til Tou Scene aust i byen, der det var open kafé og deretter ein eigen «kvinnefestival» kalla Skambra damer, med musikk, diktlesing, filmframsyning og appellar.