Arkiv

Island viser veg

Innlegg i Dag og Tid av Anne Kalvig, 9. april 2010

Kva er det som skjer på sagaøya i vest? Nye vulkanutbrot, ja, og medan vulkanen ved Eyjafjallajökull fresar frå seg, er det frykta at dette kan vekka den mykje farlegare vulkanen Katla. Men medan jordelden flammar, har dei islandske kvinnene greidd å omsetta brennande engasjement for kvinnefrigjering, til lovvedtak i Alltinget. Tysdag 23. mars vedtok tinget å forby alle strippeklubbar i landet, og gjorde det ulovleg for alle føretak å utnytta tilsette sin nakenskap.

I fjor følgde Island Noreg med å kriminalisera kjøp av sex, utifrå ei forståing av prostitusjon som del av menns vold mot kvinner. I år har dei altså greidd å gjennomføra ei naturleg fortsetting av denne kampen, gjennom å slå ned på ei anna av sexindustriens lukrative former, strippinga. Vesle Island hadde på det meste 13 strippeklubbar. For kvar hundre mann over 18 år på Island, har strippeklubbane importert ei kvinne frå fattigare kår. Prostitusjon og menneskehandel har vore tett knyta til desse klubbane, og hovudinntekta deira var tidlegare den såkalla ”private dansen”. Sagaøya er kjend for eit rikt natteliv. Strippeklubbar skal altså ikkje lenger med lova i hand få vera del av nattelivet og det sosiale samkvemmet.

Vedtaket har vekt internasjonal merksemd og begeistring. Gudrun Jonsdottir, ein av frontkjemparane for forbodet og representant for Stigamot, senter mot seksuell vold i Reykjavik, fortel oss at gratulasjonane har strøyma inn frå heile verda, frå internasjonale kvinneorganisasjonar, frå kvinner dei ikkje visste eksisterte. Kampen mot porno og prostitusjon er internasjonal solidaritet i praksis. Gode nyheiter er sjeldne på dette feltet, men takka vera ny teknologi, kan ordet om slike sigrar nå spreiast raskt og føra til nye kontaktar, nettverk og konsolidering av kampinnsats. Som kjent er internett også porno- og prostitusjonsindustriens medium, men vedtaket frå Alltinget viser at motstanden mot pornofiseringa av samfunnet har fått fornya styrke, motsett mange dystre spådommar. Til det internasjonale pressebyrået AFP fortel Jonsdottir: ”Me har nå vist at me forstår porno, prostitusjon og menneskehandel som samanhengande”. Denne samanhengen har også norsk kvinnerørsle påpeikt i lang tid. Å forby prostitusjonskjøp, må logisk følgjast av forbod mot å kjøpa avbilda prostitusjon, porno, og forbod mot kjøp av kropp som vare, som ved stripping.

Medan engelske The Guardian hadde ei stor sak om ”Iceland: the world’s most feminist country” to dagar etter lovvedtaket, til liks med mange andre engelskspråklege publikasjonar, har norske media vore påfallande tause. Bare TV2.no synast å ha gjeve denne historiske, oppsiktsvekkande sigeren merksemd. På Island opplevde journalistar tidlegare å bli idømde store bøter for æreskrenking, når dei skreiv om koplinga mellom menneskehandel, prostitusjon og strippeklubbane. Med forbodet har det islandske samfunnet vist at dei nå innser at kvinnene i Stigamot og den Islandske feministforeininga, til liks med dei oppsøkande journalistane, hadde rett. Kvinnegruppa Ottar har sendt pressemelding der me krev at norske styresmakter ser til Island, så me får slutt på stripping også i likestillingsverdsmeisterlandet Noreg.

Dei islandske kvinnenes kraft har gjeve styrke til fornya kamp over heile kloden. Slike sigrar gjev oss tru på at realiseringa av menneskers likeverd og like rettar, er mogleg. Måtte Katla fortsetta å sova, så sagakvinnene kan halda fram med sin kamp, og måtte heller alle kvinner og menn vakna, og delta i kampen for ei verd utan seksuell vold og undertrykking.