Arkiv

Sandnes som strippefri by!

Innlegg av Anne Kalvig i Stavanger Aftenblad 18. oktober 2011

Kvinnegruppa Ottar er glade for at leiar i Aftenbladet Sandnes/Gjesdal, Egil Ø. Nærland, 14.10. framstiller strippeklubben Money Talks som utnytting av kvinner. Der er me heilt på linje, og denne kritikken har me også målbåre i avisa - i samband med denne konkrete saka, samt eit utal andre saker som handlar om porno, prostitusjon, utnytting og fornedring av kvinner. Men Nærland er fortørna over at Ottar ikkje gjer meir, me er for kattungar å rekna, skriv han, og me burde, kan me lesa mellom linjene, ha sørgt for å fått utestaden stengt for lengst.

Det er smigrande å bli tillagt stor regional tyding og makt, sjølv når det blir nytta til forsøksvis irettesetting, slik me ofte opplever. Men me må korrigera Nærland si framstilling på nokre punkt, og vil samstundes informera om vår strategi, noko Nærland som journalist ikkje har etterspurt frå oss. Me minner om at Ottar er ei radikalfeministisk pressgruppe driven på medlemma si fritid. Politi, lokale styresmakter og delar av partiapparat er folk som har dette som sitt daglege virke. Så om enn det er smigrande å bli samanlikna med politi kva gjeld makt og myndigheit, er det ikkje heilt sakssvarande.

Nærland er oppgitt over at ”uskuldige” Hooters blei imøtegått av oss og Stavanger-politikarane, medan han synst Money Talks-motstanden viser for lite igjen i hans avis. Til det er å seia: Hooters var eit framlegg, ikkje eit realisert konsept, som me heldigvis greidde skapa tilstrekkeleg medvit om til å få stansa. Stavangerpolitikarane har lenge vist stort mot og medvit kva gjeld avvising av kvinnefornedrande utelivskonsept. Money Talks er ein eksisterande utestad som har endra konseptet sitt, og såleis ein faktisk storleik å få bukt med. Me veit mykje om kamp mot strippeklubbar på landsbasis, og går trinnvis fram, kloke av erfaring. 

Ottar har i brev til ordførar Wirak gjort greie for kva Money Talks inneber av kvinnefornedring og tilbakegang for Sandnes og heile regionen, og me utfordrar han og den politiske leiinga til å gjera vedtak som kan stenga klubben. Me tilbyr oss å innleia på politikarmøte eller folkemøte. Me har ennå ikkje fått svar på dette brevet (som Nærland kunne hatt innsyn i hadde han følgt med på postlista til kommunestyret i Sandnes). Arbeidstilsyn og politi må snarast ta tak i den kvinnehandelen me her er vitne til! Stenging av strippeklubben kan også skje med utgangspunkt i kommunale etiske retningslinjer, skjenkereglar, arbeidsmiljøundersøkingar osv, eller som reaksjon på evt. andre kriminelle forhold. At Noreg har forbode kjøp av kropp, skulle tilsei at dette gjeld all porno og sal av kvinnekropp, også stripping, men denne logikken rettleiar ennå ikkje det offentlege Noreg. Andre virkemiddel er altså også tilgjengelege.

Sjølvsagt skal me aksjonera og demonstrera, men me avventar eit svar og ein strategi frå dei instansar som faktisk har høve til å stenga ned denne kvinnefornedringa. Skjer ikkje det, mobiliserer me politiske parti, interessegrupper, ungdom og den gjengse sandnesgauk til stort planleggingsmøte på Sandnes Brygge fyrste halvdel av november. Me vil bygga ein brei allianse for å få tilslutning til kravet om strippefri by, som me veit svært mange deler med oss. Me reknar sjølvsagt med å få Nærland på laget, til entusiastisk journalistisk oppfølgjing av møte, strategiutvikling, førebuingar, demonstrasjonar og vår kontakt med politikarar og politi – sidan han tydelegvis er ein som bryr seg, og ikkje er ein pusekatt. Denne kampen skal vinnast!