Arkiv

Media sine kvinner

Kronikk i Stavanger Aftenblad av Anne Kalvig, 24. september 2009

Kven kan hevda at heimeverande kvinner bør yta seksuell service til ektemennene sine, og få sendetid i pludreprogrammet til Fredrik Skavlan som løn for strevet? Jo, det er rikmannsfrua Anna Anka, hittil fullstendig ukjent i Norge, men det skal då Skavlan sanneleg få retta opp i! Ho blir nemleg debattert i Sverige, fordi ho i forlenginga av eit tv-program om svenske Hollywood-fruer, har skrive om den ekteskapelege prostitusjonens fortrinn på bloggen sin. Skavlan tar verkeleg oppgåva som formidlar av familieunderhaldning og samfunnsengasjement seriøst, og me skal visst alle vera glade for å bli konfronterte med dei kontroversielle påstandane frå hemmafru Anka på fredagskvelden. 

Ei anna kvinne, Hanne Nabintu Herland, har mast om noko av det same i media ei stund nå, ut frå kjønnsessensialistiske og rasistiske perspektiv. Norske kvinner feilar når dei ikkje til ei kvar tid vil tilfredsstilla ektemennene sine seksuelt, medan thailandske kvinner har eit spesielt sett gen eller noko, som gjer at det er naturleg og fint for dei å vera seksuelt servicerande, alltid. Dette kan vanskeleg tolkast som anna enn godkjentstempel til prostitusjonsturisme, og passar logisk saman med det eindimensjonale, fordummande mannsbiletet Herland også teiknar opp. Igjen såkalla kontroversielle ytringar, frå ei kvinne med same blonde framtoning som Anna And.

Korfor får desse kvinnene slike formidable mikrofonstativ, som tv-dekning og metervis av spalteplass i avisene? At folk formidlar haldningar frå førre hundreåret i diverse bloggar, er så si sak, kven som helst er fri til å spreia dumskapen sin på nettet. Det forstemmande er at kvinner av Anka og Herland sitt kaliber, blir løfta fram på bølgjer av mediainteresse. Desse kvinnene har verken yrke eller posisjonar der det er sjølvsagt at dei blir lytta til i den grad, i forhold til det dei synsar om. Dei blir haussa opp av mediafolk på grunn av dei såkalla kontroversielle ytringane deira. Dei blir mediayndlingar, ikkje som følgje av ein mystisk, upersonleg logikk, men fordi folk i ulike redaksjonar rundt omkring sannsynlegvis resonnerer slik: ah, herleg, blond babe som tar bladet frå munnen og seier det som det er! Likestillinga har gått for langt, fram for ekte kvinner og menn! Og ho snakkar om sex! Ho, ho, dette blir det bråk av, kva trur de om sjåar/lesartala etter dette, gutar? 

Ja, for sjølv om dei ovannevnte heroiske brannfakkelkastarane er kvinner, innbiller eg meg at det fortrinnsvis er menn som synst det er snadder å bidra til å spreia meiningane deira. Om ikkje anna, så fordi brorparten av redaktørane og beslutningstakarane i mediabransjen er menn.

På kvar sine ubehjelpelege vis, promoterer Anka og Herland eit syn på kjønna som folk flest, og det offentlege Norge, forlot for mange tiår sidan. Me trur ikkje at det eine kjønnet er skapt for å forsørgjast av det andre, med kroppen som byttemiddel, og me trur ikkje sex er ein vare eller ein menneskerett for mannen. Fordi det skadar kvinner å bli kjøpte, og fordi det hindrar likestilling og likeverd når kvinner kan kjøpast, har Norge bestemt at dette nå er forbode. Men kontroversielle ytringar frå damer, det liker me! Det må me ha plass til i eit demokrati! Og, me må visst gje spesielt stor plass til kvinner som hevdar at feminisme er ein uting, særleg nå, når feministar feirar kriminaliseringslova som løna for nesten 40 års kamp. 

Men kva vil det seia at noko er kontroversielt? Det tyder jo at noko er omstridd. Er det omstridd å hevda at thailandske kvinner elskar å tilfredsstilla menn? Eller at menn som skiftar bleie er fråstøytande? Er det ikkje bare reaksjonært, uintelligent, grensande til vondskapsfullt – og ikkje minst avleggs? Kan oppstøyta til Anka og Herland skapa noko meir enn tilbakeslag og utmatting for likestillingsorienterte kvinner og menn, når desse einskilde røystene blir gjort om til brøl frå folkedjupet, på illegitimt vis? Det er så forbanna lett å kalla undertrykkande idioti for kontroversielt, og såleis gje kva det måtte vera godkjentstempel og paradeplass i offentlegheita. Porno- og prostitusjonsforsvararen Annie Sprinkle blei eit herleg kontroversielt sanningsvitne for Kulturbyen Stavanger i fjor, og med navnet hennar som bannar, løfta ein endåtil pornobutikken Love Shop opp i dei avantgardistiske kunstsfærer! Filosofen Nina Karin Monsen fekk Fritt ord-prisen i fjor, ved å hevda at homofile er annanrangs borgarar som skadar barn og ikkje fortener kyrkja si velsigning ved giftarmål. For det ho manglar i filosofisk eleganse, blir tatt igjen med reaksjonært, unnskuld, kontroversielt, skyts!

Oppskrifta, dersom du vil bli ”ein snakkis”, synast for tida svært enkel: erklær at kvinner høyrer til i heimen, helst utan eiga inntekt. Krydra grapset med at kvinner også alltid skal tilfredsstilla sin mann seksuelt, for det gjer kvinner med stor glede i fattigare land. Føy gjerne til noko om at homofile umogleg kan få eller fostra opp barn, fordi samliv mellom to menneske med like tissar er sjukt. Og kom gjerne med paleoantropologiske refleksjonar om at prostitusjon er verdas eldste yrke. Og vips, så er du ein skikkeleg spennande, kontroversiell bidragsytar til det offentlege ordskiftet og samfunnets fortsette utvikling! Men NB – du må ikkje vera mann og hevda desse tinga, altså, det synst ikkje mediafolka er like kult.

Som eit apropos til dei spennande kvinnene som blir løfta fram her heime, vil eg minna om Malalai Joya, den afghanske opposisjonspolitikaren som blir kalla verdas modigaste kvinne, og som var på besøk i Stavanger under Kapittel 09. I hennar Afghanistan har vår mann, president Karzai, nå godkjent menns lovfesta rett til sex med konene sine minst fire gonger i veka. Omtrent som i draumelandet til Anka og Herland, altså. Kva Joyas karakteristikk av denne lova er? ”This disgusting, misogynist law”. Men ho er jo ikkje kontroversiell, bare nok ein grinebitar av ein feminist, ein feminist som nå stadig blir nevnt i samband med Nobels fredspris.