Arkiv

Heim og barnehage

Innlegg i Stavanger Aftenblad av ASTA BEATE HÅLAND, 21. oktober 1992

Eit svar til Unni Selstø og ein visitt hos Anders L. Andersen:

Eg forstår godt at kvinner "veljer" å vere heime. I eit samfunn som vårt, der lite blir lagt til rette og det er ein mangel på trygge og gode plasser for barna, med altfor lang arbeidstid osv., er det kan hende til tider det einaste forsvarlege valet.

Også i Kvinnegruppa Ottar har me medlemmer som lever slik. Mitt poeng var ikkje kva individuelle løysingar folk velgjer. Dei kjenner best kor skoen trykker, dei som har skoen på. At det er kvinnene som blir heime og ikkje mannen er heller ikkje eit moralsk spørsmål, ein brist i karakteren, så å seie, men eit økonomisk spørsmål. Med vårt kjønnsdelte arbeidsmarked og den store skilnaden som finst på kvinne- og mannsløn, er det svært få som kan skifte på rollene og la far til barna vera heime. Så langt fylgjer eg Unni Selstø. Ikkje trur eg alle barn som er heime hos mor har det vondt heller. Eg kjenner mange som har vokse opp til gangs menneskje og ikkje hatt barnehageplass.

Poenget mitt, kort fortalt, var og er at mange ikkje har godt av å gå heime heile tida, korkje av vaksne eller ungar. At kvinner over femti er dei som mest misbrukar piller og nervemedisin, at store grupper av dei er uføretrygda, seier sitt om kva husmorrolla gjer med mange. At barn blir mishandla, seksuelt og fysisk, utan at det blir oppdaga, seier sitt om mange av dei norske heimane som nå blir hausa opp som det einaste saliggjerande.

Me som arbeider for kvinnesaka ynskjer full barnehagedeknig, og barnehagar av god kvalitet. Økonomisk sjølstende har alltid vore ei av dei viktigaste om ikkje den viktigaste, sakene for oss. For få tiår sidan var kvinner ute av stand til å ta ut skilsmisse og til å ta seg av barna aleine, fordi dei ikkje hadde økonomisk evne til det. Pensjonssystemet me har, gjer at mange kvinner som har gått heime, ikkje har råd til det nå heller. Oppå dette kjem at i økonomiske krisetider taper kvinnene både økonomisk og ideologisk.

Den debatten som nå går om barnehagane, manglar eitkvart sakleg grunnlag, og har etter mi meining berre som hensikt å få kvinnene tilbake til heimen. At eg ikkje nemnde mennene i kronikken min 1. oktober skuldast det enkle faktum at det ikkje er menneene som "velgjer" å bli heime, og det er heller ikkje dei som får dårleg samvit av å levera ungane i barnehagen.

Til Anders L. Andersen vil eg berre seie at mitt samvit er kvitt som snø når det gjeld ungane mine, og eg skal ta han alvorleg når han har vore husfar i fem år og laga fem bursdagsselskap for dei håpefulle heilt aleine.