Arkiv

Galt reknestykke

Innlegg i Stavanger Aftenblad av Asta Beate Håland 13. november 1995

Deszø Otto Nemeth betaler 8300 kroner i bidrag kvar månad, står det i Aftenbladet mandag. På grunn av at han tjener over 340 000 kroner blir han økonomisk ruinert av dei store bidraga. Ho som var gift med han, og oppfostrer tri barn, får telefonar frå vener som undrar seg. Dei har ikkje inntrykk av at ho har det så fett. Og det har ho ikkje heller. Talet 8300 kroner er ei blank lygn, av det slaget som alle liker så godt at dei ikkje gidder sjekke.

Eg har gått gjennom papira i denne saka, og skal for å informera om korleis lygn kan bli til sanning, ta det enkelt og greit, slik at til og med journalistar og advokatar kan forstå det. Medlemmene i Foreningen 2 Foreldre vil nok ikkje fatta reknestykket, dei har ein nokså selektiv form for forståelse av algebraen.

Altså: Yngste barn hos mor har fått tilkjent bidrag på 2530 kroner månaden, mellomste barn hos mor får 1500 kroner, eldste barn, som er over 18 år har frå mai av i år fått godkjent krav om 1830 kroner kvar månad fram til sommaren 1996. Då tar me det pedagogisk og ein gong til. 2530 + 1830 + 1500= 5860 kroner. Alle med elementære kunnskaper i rekning har klart å følga så langt. Korleis tallet på 8300 kroner har oppstått, kan me jo spørra journalisten om, men eg skal gje han eit godt tips: Sjekk bidragsgjeld!

Nå blir reknestykket litt vanskelegare, men ikkje verre enn at dei som har lært leksa si på ungdomsskulen klarer det. For utanom dette får Deszø Otto Nemeth minstebidrag på 1010 kroner for yngste dotter si, som framleis bur hos far. Han får dobbel barnetrygd på 1805 kroner og ekstra klassefrådrag på 22 600 kroner, samt anledning til å trekka dei 5860 kronene i månaden frå inntekta. Nå skal rett vera rett, dei 1010 kronene blir lagt til, så fråtrekket i inntekta er ikkje på meir enn 4850 kroner. Reknar me ut kva det blir, får me 1000 kroner mindre i skatt pr. månad på grunn av redusert toppskatt og klassefrådrag, og 1358 kroner mindre i skatt pr. månad på grunn av barnebidrag. Altså: 1010 + 1860 + 1000 + 1358= 5228 kroner. Trekker me så ifrå, får me: 5860 - 5280= 580 kroner. Og det kan vel ikkje vera noko å klaga over når han har fire barn, dersom ikkje motivet er eit heilt anna enn å framstå som offer. Det kan vera nyttig til tider å kikka aktørane i media i korta, for ikkje å seia tala. Kan hende journalistar også hadde hatt godt av eit kurs i rekning?

Aftenbladet har gitt mye spalteplass til problemet med alle dei fattige menn som blir strypt av alle bidraga dei må betala. Sosialreportasjane om korleis eit fattig kvinneliv ser ut har ikkje same salgseffekt, og slett ikkje same krav på interesse. Nå skal ikkje eg påstå at ingen menn er fattige, eller at det å ha barn ikkje er dyrt. Med tri tenåringar og 10 000 kroner i utgifter til skulebøker i august, trur eg at eg har sånn nokonlunde oversikt.

Å ha barn er dyrt, både for dei som er gifte og for dei som er skilte, og etter som skilsmisser også er ein kostbar affære, er det klart at skilte forsørgarar er fattigare enn oss andre. Men dei som har det hardast er stort sett ikkje menn som betaler for mye for ungane sine, sjøl om Foreningen 2 Foreldre stadig gjentar påstanden. Dei fattige i Norge er i all hovedsak kvinner med hovedomsorg for barn, og dei fleste av dei er langt ifrå ei lønn på 340 000 kroner. Og då kommer me til det viktige spørsmålet: Kva skjer dersom Høgsterett heller ikkje kan rekna, og gjer Nehmet medhald i at han ikkje skal betala bidrag for ungane sine? Kor mye fattigare skal barn og kvinner bli før Foreningen 2 Foreldre er nøgd?

Det er tri år sidan Susan Faludi si bok "Det store tilbakeslaget". Boka fekk mye omtale og solgte godt. For boka dokumenterte det mange kvinner hadde følt, men ikkje kunne ordlegga: Nemleg at det blir ført ein systematisk kampanje mot kvinner i politikk, forskning, rettssalar og media. Faludi dokumenterte myter og reine løgner, som i det offentlege rommet blei framlagt som opplest og vedtatt sanning. Og løgnene var så systematiske, den lettvinte omgangen med fakta så omfattande, at Faludi konkluderte med at det gjekk føre seg ein uerklært krig mot kvinner, spesielt kvinner som ikkje er avhengige av menn.

Boka solgte som sagt godt, men har nok ikkje blitt så godt lest. For eg vil påstå at kampanjen ikkje har stilna etter at boka kom ut. Kampanjen har både strategar og nyttige idiotar, men går stort sett ut på å ta frå kvinner og gje til menn. Enten det nå er pengar, respekt eller godt omdømme.

Galt regnestykke (2)

Av Asta Beate Håland, Forus
Stavanger Aftenblad 24. november 1995

Advokat Bjørn Kvernberg hadde 16.nov. et tilsvar til min Midt på side 2-artikkel "Galt regnestykke", der han påstår at jeg ikke har forholdt meg til de tall han og klienten hans har lagt fram i rettsapparatet. Det er helt korrekt. Jeg har tatt for meg de tall som Deszø Otto Nemeth og Bjørn Kvernberg la fram i sin framstilling av saken i et intervju i Aftenbladet. Et intervju som er en forhåndsprosedyre og der det blir påstått at Nemeth betaler 8300 kroner hver måned i bidrag. En opplysning som Aftenbladet også har dementert.

Å være snurt advokat som ikke kan diskutere saken med meg fordi han plutselig er generelt mot forhåndsprosedyrer i avisene, er i en slik sammenheng ikke troverdig. Men, jeg skjønner at det kan være fristende å være dydig når man blir tatt med buksa nede.