Arkiv

Ei ærelaus historie

Innlegg av Håland og Heskestad, april 2005

Stavanger Aftenblad ved journalist Margunn Ueland var ein kraftfull aktør som spela med skjulte kort den gong då kontantstøtta blei ein del av den politiske dagsorden i Norge. Me mistenkte det då, me har fått kunnskap nå. For ho skriv sjøl i Stavanger Aftenblad 12 desember i fjor at ho var med på å starta Kampen husmorlag. Frå ein presseetisk ståstad finn me dette nærmast utruleg. For det har vore hemmeleg at Margunn Ueland var med på å starta opp og deltok i Kampen husmorlag, og så lenge det var hemmeleg kunne ho samstundes driva fram saka i avisa. Det gjorde ho, og det er kjernen i vår kritikk. Sjølsagt har journalistar like stor rett til å vera politiske aktørar som oss andre, men ein kan ikkje operera på hemmeleg vis på begge sider av bordet og tru ein kjem seg unna med integriteten i behald.

I 1993 danna ei gruppe kvinner Kampen husmorlag. Deira føremål blei snart klart, dei skulle delta i den kvinnepolitiske bevegelsen og diskusjonen rundt 8.mars for å få gjennomslag for sine politiske krav om kontantstøtte til heimeverande kvinner. Dei kom på 8.marsmøter og la fram krava sine, og blei nedstemt. To år på rad blei kravet om kontantstøtte avvist som hovudparole i 8.marstoget. Samstundes blei saka og motsigelsen hausa opp i pressa, med Margunn Ueland som fremste pådrivar. Forsideoppslag og føljetong om dei interessante nye deltakarane og dei intolerante feministane gjekk dag etter dag, veke etter veke( til dømes oppslag 23.2, 3.3, 4.3, 7.3, 9.3, 26.3, alle 1994, alle Margunn Ueland). Me som meinte noko anna enn Margunn Ueland måtte stort sett skriva kva me meinte sjøl, det var ikkje særleg interessant å intervjue dei som var imot parolen om kontantstøtte.

Me som vanlegvis tar del i arbeidet rundt 8.mars blei pressa på defensiven, og med unntak av SV, gjekk me alle med på å la Kampen husmorlag få lov til å bera parolane sine som underparolar. I ettertid er det lett å sjå at me ikkje skulle latt oss pressa av media og Margunn Ueland og nekta parolane også som underparolar. Men det er alltid lett å vera etterpåklok. Ein av grunnane til denne defensive haldninga frå vår side var at me opplevde det utrulege og uvante at både SA og TV2 var til stede på parolevedtaksmøte. Og me var rett og slett redde for om toget skulle klare seg gjennom stormen.

Resten av historia er kort fortalt. Kristeleg Folkeparti gjorde saka til valkampstrategi og merkesak, og det me hadde klart å halda stand på lokalt, blei innført som ordning for heile Norge. Og sidan har krangelen om ulemper og fordelar med ordninga vore ein krangel for heile landet. For folk både her i distriktet og resten av Norge må det vera interessant korleis den politiske verkelegheita blir og blei manipulert. Margunn Ueland har heilt klart hatt ein politisk agenda, årsaka til dette brevet, er at ho sjøl har skryte av det i avisa 11 år etterpå. Men, ho har vel ikkje deltatt i regjeringsapparatet utan å lera noko?

Nå lurar me på kor mange som kjenner til korleis saka blei ei sak? Så vidt me erindrar var Svein Egil Omdal på denne tida både Nyheitsredaktør i SA og leiar for Pressens Faglege Utval. Og han pleier jo å vera interesssert i kildekritikk og etiske normer. Han må då finna det interessant at dette gjekk føre seg i hans redaktørtid?