Arkiv

Ja til døgnopne barnehagar!

Vedtak på årsmøte i Kvinnegruppa Ottar, Oslo 4. februar 2006

Kvinnegruppa Ottar helsar framlegget frå SV om døgnopne barnehagar velkome. Å utvida opningstidene i barnehagar er å ta på alvor at småbarnsforeldre i dag arbeider til ulike tider på døgnet, og at mange er einslege forsørgjarar. I dag må folk som arbeider om ettermiddagen og natta organisera barnepass privat. Dersom det er vanskeleg å organisera privat barnepass, er det kvinner og ikkje menn som reduserer arbeidstida si. Kvinnegruppa Ottar meiner det må finnast eit offentleg barnehagetilbod også utanfor normalarbeidstida. Dette er med på å sikra at kvinner skal ha like stor moglegeit til å arbeida som menn.

Barnehagane må vera opne når folk arbeider!