Arkiv

Teatralske mannefantasiar

Kronikk av Anne Kalvig i Stavanger Aftenblad, 31. januar 2012

I Aftenbladet 26.01 får regissør av teaterstykket ”Fluenes herre”, Rolf Alme, larma ut or seg om kva Mannen er og kva krise han er i, over to heile sider. Manglande kritiske eller reflekterande spørsmål frå journalist Jan Zahl, gjer at artikkelen framstår som ein politisk pamflett, oppsummert i overskrifta ”I Norge er den perfekte mannen som ei kvinne”.

Barne- og ungdomsteateret ved Rogaland Teater har altså hyrt inn ein regissør som framheld som biologisk sanning at unge gutar er valdelege, og at samfunnet har kastrert og umandiggjort menn. Dette er velkjende antifeministiske tankar som med jamne mellomrom blir framførte, særleg av menn innan akademia, forfattarskiktet og media.

Alme framstår som glødande opptatt av menn, og bare menn, og med eit utgangspunkt om at menn ”naturleg” er valdelege, medan kvinner ”naturleg” er omsorgsfulle. Dette er ei komplementær kjønnstenking som er blitt naturleggjort i den vestlege verda sidan viktoriatida (1800-talet), då ein ut frå ymse agendaer fann grunn til å plassera kvinner og menn i to trange, gjensidig ekskluderande båsar. Denne dikotomiske kjønnstenkinga har også lengre røter tilbake til ei mengd ulike religionar, filosofiar og kulturar, men den ”klassiske” påstanden om Den Store, Modige Mannen sine bravadar, og vesle, skrøpelege mor som steller heime i og med hennar essensielle omsorgskvalitetar, er eit biletet i tråd med viktoriatida sine ideal. Problemet for Alme, er at denne ”naturlege” todelinga ikkje lenger får utfalda seg, for kvinner er blitt sterke og utearbeidande, og menn jobbar i barnehage. Og sånt må det jo bli krise av? Drit i om menn i barnehage får utfalda meir muskelkraft og leik  enn dei fleste regissørar og forfattarar – i dei synsande menn sine auge, er barnehagearbeid ”feminint”.

Det gledelege er at store delar av samfunnet ikkje lenger trur på slike karikerte pappmenneske, med på førehand tildelte, snevre kvalitetar og interesser frå ”naturen” si side. ”Menn er programmert til å vera valdelege”, framheld Alme, utan å møta motstand eller krav til dokumentasjon frå Zahl. At kostskulegutar stranda på ei øde øy, som er settinga i ”Fluenes herre”, endar med å vera grusomme mot kvarandre, kan like gjerne skuldast den patriarkalske, strengt hierarkiske, gamle kostskulen sine manglande kvalitetar kva gjeld å gjera heile, etisk oppegåande menneske av folk. Er ein kostskule og kulturen knytta til han, ”natur”? Representerer handlinga i eit teaterstykke frå 1954, ”sanninga” om den menneskelege konstitusjon og situasjon, i den grad at det gjev ein regissør grunn til å utleia ”evige” sanningar om det essensielt maskuline og feminine?

Alme refererer til massemordar Anders Behring Breivik, med ein høgst problematisk kommentar om eit pervertert, maskulint, valdeleg gen, som visstnok skal forklara myrderia hans. Annanstads snakkar han om valden som ”kraft”. Denne gammalmodige synsinga, som ligg til grunn for regien av teaterstykket, skal seljast inn til publikum gjennom å vera pakka inn i masse humor, forsikrar Alme. For han veit jo at dette er ”politisk ukorrekt”. Men det er ikkje ”uhipt”, så Alme kan trygt sludra i veg med sine karikerte og trangsynte påstandar: den biologistiske tendensen til å forklara alle slags menneskelege tilhøve med påstandar om ”natur”, har lenge vore på frammarsj, programserien ”Hjernevask” var eitt bidrag til dette.

Så kan ein undra seg: kva slags idealsamfunn ser Alme og hans like, for seg? Når sport og idrett ikkje er nok for mannleg kraftutfalding? Når det er eit problem at kvinner og menn har likare kår? Menns vald mot kvinner og barn – og andre menn – er eit stort problem i vårt samfunn. Endå større er det i hierarkisk organiserte, patriarkalske samfunn, der menns vald og makt over kvinner og menn av lågare rang, er normen. Likevel synast det som om denne type maktfordeling inneber noko av ein fascinasjon for regissør Alme. Fordi Norge er eit fritt land, med demokrati, velferd og likestilling, kan Alme representera slike tankar utan fare for seg sjølv. Men får slike idear breia om seg, til dømes ved å framstillast som kulturelitens ”skarpe, politisk ukorrekte” analysar, vil resultatet vera at ein motarbeider kampen om friheit frå stereotypane, frå eindimensjonale og tvangsmessige kjønnsforestillingar, frå vald og undertrykking med utgangspunkt i kjønn.

Menn i barnehage og andre omsorgsarenaer, som komplekse, ulike og frie menn, er ein måte å avvisa det falske kjønnstyranniet på. Kvinner som forsørger seg og sine, er ein annan måte, men framleis har me ein lang veg å gå. Me skal nok takla at ein teaterregissør uimotsagt får hevda ein forvirra og patriarkalsk lengtande kjønnsfantasi, men hadde gjerne sett ei meir kritisk reflekterande framstilling i avisa. Godt då at teatermeldar Tarald Aano i same avisutgåve framstår som langt meir innsiktsfull og problematiserande, enn regissøren.