Arkiv

Stortingsvedtak om liberalisering av pornoloven den 25. mai?

Innlegg i Stavanger Aftenblad av Solfrid Heskestad, våren2000

Argumentasjonen vår mot porno kunne fylla mange sider, men for å seia det kort er pornoen sitt bodskap at seksualitet er til salgs, konsekvensen er mange ulykkelege liv og folk sitt syn på seksualitet blir påverka i feil retning, noko som voldsstatistikken viser. Den indirekte konsekvensen av porno er at jenter og kvinner sin posisjon i samfunnet blir redusert.

Kvinnegruppa Ottar ynskjer at pornoloven blir ståande med same ordlyd som i dag, men aller helst vil me ha inn ein definisjon av pornografi i lovteksta med denne ordlyden: "Med pornografi menes i denne paragraf er kjønnslige skildringer som er i strid med likeverdet mellom kjønnene, eller gir inntrykk av en støtende eller nedsettende vurdering av kvinne eller mann." Me har også foreslått at strafferammen skal skjerpast for dei som formidlar ulovleg pornografisk materiale. Denne saka har me arbeidd med sidan seksuallovbrotsutvalget kom med si innstilling sommaren 1997 og dersom innstillinga blir vedtatt, vil lova berre forby seksuelle skildringar av sadisme, barn, lik og dyr. Pornolova vil ikkje lenger forby slik det står i dagens lov "kjønnslige skildringer som virker støtende eller på annen måte er egnet til å virke menneskelig nedverdigene eller forrående."

Me håpar at fleirtalet på Stortinget vil stemma mot liberalisering. Men me er svært usikre på om det blir fleirtal. Tenk om tvilarane på Stortinget ville snu og tenk de som les dette kan påverka nokon på Stortinget!

Vener på Stortinget fortel at liberaliseringsforkjemparane er lite interessert i informasjon om temaet, slik som å sjå svenskproduserte dokumentaren "Shocking Thruth". Kva informasjon blir så spreidd av pressa? Den 11. mai i Stavanger brann me porno på Torget i Stavanger. Metoden var mykje brukt på 70 talet. Pressa blei invitert. Då dette er ei symbolhandling var det ikkje så stort poeng at bålet ikkje blei så stort og flammande. Me blei svært leie oss over at Stavanger Aftenblad fokuserte så mykje på det tekniske og lite på det politiske. I Oslo derimot blei det brunne pornobål framfor Stortinget den 12. april, dagen då advokat Mona Høiness viste "Shocking Thruth" for stortingsrepresentantane. Dette bålet brann heller ikkje godt, og få var møtt fram. Dagbladet brukte to sider i sitt fredagsbilag og skreiv utførleg om pornoloven og om kvinnegruppa Ottar under overskrifta "brennende sjeler".

Tida fram til 25. mai er knapp no. Nei me gir oss ikkje enno. Og Aftenbladet kunne vel ha skrive noko bakgrunnstoff?