Arkiv

Barn, barsel og budsjett

Innlegg i Stavanger Aftenblad av Asta Beate Håland, 4. oktober 1991

Ei utbredt oppfatning blant folk er at me som slåss for kvinne- sak eigentleg vil sjå bort frå forskjellane mellom kjønna. At me vil bli som menn, og ofra barn og gamle på alteret.

Det er ei myte som ofte kan få næring. Ofte er med skuldige og. Det er påfallanda, og ei skam, at verken likestillingsombod, barneombod eller kvinneorganisasjonar har rykka ut mot dei mel- dingane me har fått omdet som foregår på sjukehus i Østlandsom- råda.

Under valkampen var det eit innslag frå Akershus i Dagsrevyen. Kvinner som allereie hadde fått tid for operasjon, anten det nå var mot ufrivillig vannlating eller nedfallen livmor, hadde plutselig fått beskjed om at dei var strokne av listene. Sjuke- husa skal spara, og då er det kvinneavdelingane som må kutta. Dei som skulle opererast måtte bare finna seg i å vera handi- kappa.

Nå, rett etter valet, kjem det melding frå Oslo om at dei og skal spara på budsjetta. Der skal dei nå senda kvinner heim rett etter fødselen. Etter ein dag for å vera nøyaktig. Overlegen som uttala seg til pressa, ei kvinne forresten, meinte det kunne vera medisinsk forsvarleg.

Dei som nå hevdar at fødsel er ei naturleg sak, som me i grunnen kan gjera heime, har på ein måte rett i det. Fødslar har skjedd til alle tider. Menneska blei fødde lenge før me fann på å ha sjukehus. Ja, i mange strok av verda føder dei utan medisinsk personell den dag i dag. Dei dør av det og. Slik dei og gjorde for ikkje så lenge sidan her i landet. Ein fødsel er den hardaste naturlege påkjenning menneska blir utsette for. Ei påkjenning både for den som føder og den som blir fødd.

Kvinner krev lite. Tier i forsamlinga. På verdensbasis har det mellom anna resultert i at kvinner får ti prosent av verdens inntekt, og eig ein prosent av verda sin rikdom. I Norge er 84 prosent av minstepensjonistane kvinner. Det er eit fenomen eg har undra meg over, når eg har sett den eine kåte og oppegåande mannlege pensjonisten etter den andre sloss pensjonistane si sak i valet. Kor er alle minstepensjonistane? Kor er kvinnene?

Me blir lemlesta av omskjæring og illegale abortar. Me dør av å gi liv. Rett nok gjer me ikkje det i Norge i dag. Ikkje mange. Det står likevel ikkje bra til på området. Me har stor dødlighet og fødselsskade blant nyfødde. Krybbedød, gåta som gjer så mye sorg, er større enn i land det er naturleg å samanlikna seg med. Politikarane sparer!

Å få eit barn er ei stor gåve. Eg var så heldig å få liggja fem dager på barsel, då eg fekk mine tre. Eg kom ikkje heim ein dag for seint nokon av gongene. Tvert om, særskilt fyrste gongen, kunne eg godt ha vore der lengre, slik at melkeproduksjonen kunne kome skikkelig i gang. Morsmelk er viktig, både psykisk og fysisk. Alle dei som steller med folkehelsa har fortalt oss det dei siste tjue åra.

Dersom dei fødande blir sende heim etter ein dag, kjem andelen som får til amminga, til å gå ned. Med dei skadevirkningane dette vil ha for folkehelsa. Men det er ein verdi som ikkje må bli målt i bruttonasjonalprodukter, like lite som gode heimar og sunne barn. Det er bare mangelen som blir målt, anten det dreier seg om den stadige aukinga i sjølvmord blant barn, eller ungdomskriminaliteten. Eller den stadige aukinga i bruk av tablettar og alkohol for å få kvardagen til å gå i hop. Ei auking som er spesielt stor blant kvinner.

Kor er dei nå, dei som i valkampen snakka om barna og barnefamiliane. Eg har ikkje sett Kristeleg Folkeparti seie noko. Vil dei verkelig ta risken på å gje nyfødde og fødande ein så dårleg start på livet?

Me veit at det er vanskeleg å bli mor for fyrste gong. Ja, for andre og tredje gong og for den saka si skuld. Me veit at ufrivilleg vannlating, og nedfallen livmor er plager og sjukdommar som er seinskader etter å ha gitt barn liv. Politikarane veit det og. Dei bare let som dei ikkje veit det.

Kor er opprøret? Er dei "gamle" kvinnekjemparane over den perioden i livet der dei får barn? Er likestillingsombodet så opptatt av å gje oss kvinnelege biskopar og sjefar at ho er blitt blind? Barneombodet, tenkjer ikkje han heller samanheng?

Kvinnesak dreier seg om rettferdig fordeling. Om å bruke ressursane til det beste for alle. Det var, og er, drivkrafta bak all kvinnekamp. Ikkje slik mange trur eller let som dei trur, ein kamp for å gjera kvinner mest muleg lik menn. Eit samfunn som ikkje kan prioritera å ta i mot nye menneskje er ikke mye til samfunn.

Å tenkja samanheng har ikkje vore populært dei siste åra. Lettvinte løysingar og konkurranse med utlandet er stikkord som dei likar å snakka om, dei som har makt. Barn er ikkje produktive, heller ikkje fødande kvinner. Det er ei utgift, slik rekneskapen blir sett opp. Me skulle kanskje skaffa oss nokre andre reknemeistarar.