Arkiv

Seksualitet ei vare for massekonsum?

Innlegg i Stavanger Aftenblad, av Asta Beate Håland, 10. juni 1991

(Asta Beate Håland sit i styret for kvinnegruppa OTTAR som blei skipa etter splittinga av Kvinnefronten i januar i år.)

Det har i den siste tida kome fram eit ulovleg nett av bordellar i Oslo. Prostituerte har danna si eiga interesseforening, PION, og samanliknar yrket sitt med reingjeringspersonale. Kvinnerørsla er på vikande front i spørsmåla om porno og prostitusjon. Kva vil skje med samfunnet om me får offentlege horehus? Vil det bli mindre dobbeltmoral og større seksuell fridom? Vil samfunnet få meir kontroll med gatetrafikken, narkotikamarknaden og Aids-smitten slik til dømes Carl I. Hagen argumenterer?

For litt over hundre år sidan var det i heile Skandinavia ordskifte om prostitusjon. Utgangspunktet var ikkje det same, det mangla ikkje horehus eller offentlege fruentimmer i dei dagar. Prostitusjonen kom i Norge under regulering ifrå 1866. I ein rapport frå politilegen kan me lesa at det i Kristiania i byrjinga av 1880-åra var åtte bordellar med 49 skjøger, 16 privatbuande og 605 hemmelege prostituerte (i tydinga ikkje registrerte hos politilegen). Kristiania hadde 125 000 innbyggjarar.

Bak ordskiftet, som strakte seg over mange år i Norge, Sverige og Danmark, låg ein offentleg og privat dobbeltmoral. Samstundes som alle tre landa hadde offentleg prostitusjon, der kvinner frå arbeidarklassen gjekk til grunne, blei det frå samfunnet sine støtter preika ein moral stikk i strid med kva som var praksis. Horene hadde mange kunder frå dei "kondisjonerte". Det blei kravd at kvinnene skulle vera kyske. Det var eit utbredt dogme at kvinner ikkje hadde kjønnsdrift. Dei kvinnene som avslørte at dei det hadde, blei sett på som "patologiske", "forråede" eller "dyriske". Samtida sine skarpaste pennar og kjende navn tok del i ordskiftet på begge sider.

Høgdepunkta i polemikken kom i Norge til å falla saman med tre nye bøker på åttitalet: Hans Jægers "Kristianiabohemen", Arne Garborgs "Mannfolk" og Christian Krohgs "Albertine".

Ibsens "Et dukkehjem" og "Gjengangere" og Bjørnsons "En handske" var og litteratur i samtida som var knytta til emnet. Forbud og inndraging kom med Jæger og Krohg. Begge blei offentleg omtala som djevelen sitt redskap. Det var særleg Jæger som fekk merke samfunnet sin dom, då han mista arbeidet sitt som stortingsreferent. Inndraginga av bøkene og dommane mot forfattarane blei applaudert i dei fleste avisene.

Kva handla så desse bøkene om? Dei skreiv om prostitusjonen. Skildra kjønnsmarkedet i "Vika". Jæger vinkla dette gjennom horekundene. Christian Krohg skildrar Albertine sin veg til prostitusjonen gjennom voldtekt og ydmykande kontroll hos politilegen.

Når Carl I. Hagen og delar av Fremskrittspartiet nå skyt ut ein prøveballong for å se kor stor støtte dei kan skaffa for offentlege horehus, er dette altså verken nokon ny ide eller ny debatt. Det er likevel grunn til å se alvorleg på framlegget. Elles kan me risikera at debatten manglar både kunnskap og historie. Begge delar sikre kjenneteikn på Frp sin sosialpolitikk. Me risikerer at politikken på området i Norge blir meir reaksjonær enn den har vore på hundre år.

Eit av argumenta Hagen, Simonsen og andre frå Frp har brukt i pressa er smittefare for Aids på gata. Dei meiner at helsekontrollar i godkjente horehus kan demma opp for sjukdomar.

Hans Jæger si meining for hundre år sidan, var at om staten ville ha prostitusjonen, måtte dei og ordna med streng kontroll av kundane for å begrensa smitta av veneriske sjukdommar. Følger me tankerekka, vil det seie at kundene og må legga fram negativ HIV-test for å kunne gå på offentleg horehus. Eg går ut frå at Hagen er klar over at også menn er smittebærarar. Har Frp kanskje tenkt så mye over situasjonen til dei prostituerte? Er Hagen si visning til helsekontroll, narkotikamarknaden og gatetrafikken kanskje meir av omtanke for horekundane?

Ei utviding av prostitusjonsmarknaden, som ei legalisering vil føra med seg, vil ikkje føra til nedgang i gatetrafikken. Eit kvart horemarked har alle kategorier til sals. Første, andre og tredjeklasses horer. Alt etter kor ung og fersk varen er. Eller har Hagen & Co. eit opplegg for omskolering av horer som ikkje lenger er attraktive for marknaden innomhus? Det er lett å visa at dei land som har mest liberal praksis med omsyn på bordeller, også har flest gateprostituerte og narkomane.

For hundre år sidan, då Garborg, Jæger og Krohg skreiv om problema knytta til prostitusjonen, var det ingen som hevda at kvinner prostituerte seg av lyst, slik mange gjer i dag. Den gongen kunne dei knapt ha tenkt seg i kva grad seksualitet ikkje lenger bare er ei vare i privat byttehandel, slik ekteskapa ofte virka på den tida, men og ei vare for massekonsum. Pornoindustrien sin enorme vekst har endra vilkåra for ordskiftet. Det virkar som om alle i den offentlege opinionen er samde om at kjønn er vare. "Seksualdrifta alle ting sitt mål". Tusenvis av menneskeliv blir ofra på alteret. Kidnappa, voldtatt og misbrukt. At pornoindustrien og enkelte aviser får prostituerte til å stå fram som den kvitaste niggeren i byen, ved å lovprisa livet som hore, endrar ikkje på det. I dag er mange slavar i pornoindustrien sine klør. Å legalisera bordellar vil føra med seg at fleire blir prostituerte og horekunder.

Det finst ikkje støtte for Hagen sin påstand om at me får kontroll over narkotikamarknaden og gatetrafikken ved å legalisera bordellar. Heller ikkje at me får mindre utbreiing av veneriske sjukdommar og Aids. Det einaste formålet med forslaget så langt eg kan se, er at det til ein viss grad kan gje horekundane kontrollerte varer. Kva fordeler får resten av samfunnet av det?