Arkiv

Nok er nok - me vil ferdast fritt

Appell holdt av Anne Kalvig på "Ta byen tilbake"-markering på den internasjonale dagen mot vold mot kvinner, 25. november 2009

”Den mest alvorlege og utbreidde kriminalitet i folks kvardag” var nyleg justisminister Storberget sin karakteristikk av menns vold mot kvinner. Nettopp denne erkjenninga, lenge hevda av kvinnerørsla, gjer at me er her i dag!

Kva er kjenneteikn på ein overgripar? Er det at han har eit spesielt yrke, som til dømes taxisjåfør? At han er ikkje-vestleg innvandrar? Muslim? Eller at han er sosialt utslått, rusa, arbeidslaus og fattig? Eller er det kanskje typisk ein som er privilegert, har makt over andre, tener gode pengar, er sjarmerande og intelligent?

Ingenting av dette er kjenneteikn i seg sjølv, og alt dette er kjenneteikn. Overgriparen, mishandlaren, voldtektsmannen, drapsmannen, har som fellestrekk at han er mann. Mannskjønnet er kjenneteiknet på ein overgripar. Denne sanninga er vond å vita, for alle oss som også kjenner dei flottaste, beste menn me kan tenka oss.

Men kvinner veit, gjennom voldserfaringar og kunnskap om vold, at samfunnet me lever i, i bare liten grad tar konsekvensen av at det eine kjønnet, mannen, gjennomgåande utsett det andre kjønnet, kvinna, for vold.

Vold og overgrep inneber enorme, personlege omkostningar for kvinner og barn. Men menns vold mot kvinner har også enorme samfunnskonsekvensar, samfunnsøkonomiske konsekvensar. Det er svimlande dyrt å tillata menns vold mot kvinner. Men framfor alt svimlande urettferdig.

Me skal ikkje ha det sånn! Me vil ikkje at volden skal gjerast til spørsmål om religion, kultur, etnisitet eller klasse! Dette forsterkar skiljelinjer og barrierer mellom grupper i samfunnet, og tjener andre interesser enn våre, når me vil stå samla i kampen mot all kjønnsbasert vold og urett. Overfallsvoldtektar har den seinare tida vore dominert av menn med annan bakgrunn enn etnisk norsk. Men 7 av 10 voldtekter skjer i heimen, i 95 % av alle voldtekter kjenner kvinna gjerningsmannen. Kvinner og barn har tilbrakt 1,5 millionar netter på krisesenter i dette landet sidan 1992. Menn i Norge utøvar vold mot kvinner. Menn i verda utøvar vold mot kvinner.

Me må våga å stilla spørsmålet: har samfunnet eigentleg som mål å eliminera menns vold mot kvinner? Korfor brukest milliardar av kroner på krigføring i Afghanistan, som slett ikkje har bedra kvinners kår der, medan kvinner dør av voldsterror her heime? 82 kvinner er drepne av sine mannlege partnarar dei siste 9 åra. 99 % av voldtektsmennene går fri. Unge guttar får seksualopplysninga si frå pornoen, i eit pornofisert samfunn der jenter lærer at verdien deira handlar om å vera seksuelt attraktiv og tilgjengeleg, dog innan rammer som også i rikt monn tildeler jenter skuld og skam. Kvinnedrapa, volden og den forsvinnande oppklaringsprosenten kva gjeld voldtekter, har fått FNs kvinnekommisjon til å reagera og kritisera Norge. Likestillingsmeister?

Taxinæringa i Stavanger må gjenvinna kvinners tillit, og voldsmennene stillast til ansvar og straffast. Politiet må visa oss at dei verkeleg gjev kvinnevoldssaker topp prioritet, samstundes som våre folkevalte må slåst for at Stavanger får dei ressursane me treng, slik at politiet kan trygga kvardagen vår. Me er glade for dei politikarane som står fram og vil slåst for kvinners rett til eit liv utan vold. Me treng modige menn, og me treng modige kvinner. Men altfor ofte er der taust! Grasrota i Norge viste at me ikkje aksepterer menns rett til å kjøpa tilgang til kvinners kroppar, altså blei sexkjøp forbode. Men kven kom til orde i media? Denne lova kom i stand på tross av mange partitoppar og den akademisk eliten. Men var ein seier for menneskeverdet. Me må kreva at dei andre uttrykka for menns vold mot kvinner også kjem øvst på dagsorden, og blir oppfatta som politisk brennaktuelt! Ingen må kunna stilla seg likegyldige!

At kvinners rett til eit liv utan vold ikkje er ein realitet i dette landet, er ein hån. Hån mot kvinner, mot våre erklærte menneskerettar, ein hån mot alle ikkje-voldelege menn som bryr seg om kvinner, ein hån mot ungane våre, ein hån mot framtida. Me forlangar nå at innsatsen mot menns vold mot kvinner blir systematisk og gjennomgripande, raus og rettferdig: frå folks barndom til alderdom skal samfunnet innprenta, overbevisa, sikra og trygga oss: me tillet ikkje menns vold mot kvinner. Me tillet ikkje kjønnsbasert urett. Eit likestilt samfunn gjev dårlegare vilkår for menns vold. Me er ikkje likestilte i dag.

Alle som er her i dag, viser sin avsky og motstand mot vold og voldtekt. Bare me kan forandra samfunnet, gjennom våre krav og vår vilje. Nå seier me: nok er nok, me vil ferdast fritt, me vil ta byen tilbake, me krev at kvinners rett til eit liv utan vold, blir ein realitet. NÅ!