Arkiv

Ottar og bloggarkritikk

Innlegg av Ane Stø og Anne Kalvig i Klassekampen 24. oktober 2011

Dei fleste veit kva Kvinnegruppa Ottar står for i kampen mot patriarkat og seksualisert vold mot kvinner. Folk kan ta stilling til oss. Ingen veit kva Anne Viken, ”feminist og blogger” står for. Det held ho likevel ikkje frå å formulera eit forsøksvis harselerande innlegg mot Ottar i avisa 20.10, der ho påstår at vår mediestrategi er ”totalhavarert”, medan hennar, eller Cathrine Holst sin (eitt av fleire uklare punkt i teksten) er lysande døme på korleis kvinnekamp skal førast. Innlegget er fullt av logiske brestar og nivåsamanblandingar, men me skal svara på dei få poenga ho framfører imellom all den krampaktige hoveringa.

Poenga til Viken er at kvinnekamp nå blir ført i bloggosfæren, at Ottar har utspelt si rolle og at me bare har godt av å ikkje bli tatt på alvor av Klassekampen. Me skal forklara korfor desse poenga er feil, i tur og orden. Det er mange innsikter som må gjentas mange gonger når folk er historielause og utan politisk kunnskap.

Nett som me har ei fagrørsle, ei miljørørsle, ei fredsrørsle og så bortetter, har me i Noreg ei kvinnerørsle. Denne rørsla er ikkje overtatt av enkeltståande, sjølverklærte feministar med varierande kunnskapsnivå og politisk innsikt. Like lite som Klassekampen kan tillata seg å fortrinnsvis rådspør og fronta enkeltståande bloggarar som hevdar å representera fag- eller miljørørsle, like lite burde dei ignorera den organiserte feminismen. Men det gjer dei altså, venstresida si dagsavis. Det var Klassekampen kritikken vår retta seg mot, ikkje media generelt. Me viser igjen i media. Viken gjer det ikkje. Me målber også kvinnekampen og våre krav i lokale og regionale media, fordi me meiner kampen må førast der me jobbar, der me bur.

Dersom Kvinnegruppa Ottar ikkje lenger burde finnast, er det Viken folk skal ringa til når dei treng hjelp til å mobilisera mot strippeklubb i nabolaget? Vil Viken legga press på, og arrangera møte med, politikarar nasjonalt og lokalt i kampen mot vold mot kvinner? Er det Viken som skal utarbeida høyringsfråsegner? Er det Viken som skal forvalta historia om dei mange kampane og sigrane kvinnerørsla har gjennomført, og korleis har ho tenkt å gjera det? Er det Viken, eller andre bloggarar, på vegner av seg sjølve, som skal inngå samarbeid med ulike grupper og organisasjonar på venstresida, når ein skal slåss for gjennomføring av kvinnepolitiske krav? Sjølvsagt ikkje. Det ville vore særs udemokratisk – og Viken demonstrerer til fulle mangel på demokratisk og politisk forståing, kopla med ein fascinasjon for elitens røyster. Eit anna poeng er at dei færraste bloggarar hadde gidda gjera noko av det ovanståande, sjølvsagt, forutan at dei manglar kompetansen.

Viken framhevar kjønnsforskar Holst og redaktør Hilde Sandvik som gode aktørar å læra av for oss. Det var likevel ikkje som bloggar at Holst innleia på Ottars lanseringsmøte av antologien ”Nei til kjøp av sex og kropp” i Oslo fjor, men som kjønnsforskar med utspel om sexkjøpslova – og me har altså ikkje problem med verken samarbeid eller konfrontasjon her. Antologien har Klassekampen forøvrig valt å ikkje melda – i motsetning til kva dei gjer når ein kjønnsforskar som Kolnar kjem med ei bok med pornoforsvar. Sandvik innleia likeeins på Ottars opne møte i Stavanger om nettsjikane i fjor – det er altså ikkje ein debatt funnen opp i år – også her skjer det ting, som verken Viken eller Klassekampen får med seg.

Kvinnekampen må førast i bloggosfæren som på alle andre kultur- og samfunnsområde og arenaer. Ottar har ei velfungerande heimeside, samt aktivitetar på facebook, som dei fleste andre politiske grupper. Men me – og resten av det organiserte, rettferds- og solidaritetsmotiverte Noreg meiner at bloggar ikkje kan vera den dominerande politiske arbeidsforma. Noreg som demokrati ville forvitra fullstendig om organisasjonslivet skulle leggast ned til fordel for bloggarars innfall og utspel frå kvar deira virtuelle tue. Klassekampen, som venstresida si dagsavis, har eit særleg ansvar for å målbera breidda i demokratisk, politisk arbeidande grupper som slåst for ei betre verd for alle, og ikkje utdefinera nokre aktørar til fordel for andre, som bare agerer på vegner av seg sjølve.