Innlegg i Dag og tid av Ane Stø og Asta B. Håland, august 2016
Dei fleste skriv om det som ligg dei sjølv mest på hjarta i kjølvatnet av Hemsedalsaka. Advokatane er opptatt av eigen autoritet. Dei fleste kvinner vil gjerne diskutera vår manglande rettstryggleik. Jon Hustad nytta 12.august høvet til å angripa kvinnekjønnet i si alminnelegheit med argument henta frå biologisk determinisme. Hustad har plukka litt her og litt der, og valt ut passande «forsking» for å underbygge sine mange hårreisande påstandar.
Han gjer fyrst greie for dramatikken: «Mennene har vorte namngjevne og truga på livet, meddomarane som frikjende, har vorte hengde ut med fullt namn(… )og særleg menn skal visstnok ha lettare for å frikjenna menn grunna noko som vert kalla «mannssolidaritet». Kvinner er nemleg like ille når det kjem til å frikjenna menn i valdtektssakar, skriv Hustad. Dette kjem visstnok av at kvinner ikkje liker yngre og penare kvinner, og difor liker vi heller ikkje porno(!).
Vi vil gjerne opplysa Hustad om at ein rettargang er ei offentleg sak, alt kan omtalast, også namn på tiltalte og dommarane. Alle som vil kan få utskrift av straffedommar på Tinghuset.
Mannssolidaritet er et uttrykk som ofte blir nytta for å forklara kor flinke menn er til forstå og forsvara andre menn. Godt illustrert i den gjengse reaksjonen blant juristar og ein del pressefolk etter dommen i Hemsedalsaka, som samla sett ser ut til å vera meir bekymra over at namna på dei som vart frikjende er spreidd på internett, enn dei mange tusen jenter og kvinner som blir valdtekne, utan å få samfunnet si støtte ved å straffe overgriparane.
Ei av kjeldene til Hustad er Tracy Vailliancourt, som har hatt stor suksess med å formidla forskinga si om at kvinner er hespetre som hatar kvarandre. Ei forsking som blir brukt som evig/evolusjonistisk prov for at kvinner er kvinner verst. Biologi kan svare på mykje, men er lite egna til å forklara kvifor menneska handlar som vi gjer. Her er samfunnsvitskapen, som Hustad vel ikkje anerkjenner, meir anvendeleg. At kvinner i eit mannsdominert samfunn er skeptiske til kvinner som bryt med oppfatninga om korleis ein skal kle seg og te seg, seier mykje om kor trong kvinnerolla er. Kvinner, som Hustad ganske riktig peiker på, oppfostrar døtre, og er ansvarlege for å lære den yngre generasjon å tilpasse seg kjønnsnormene. Det kan altså vere oppgåva som normberar, som er opphavet til at mange kvinner er meir kritiske til andre kvinners handlingar og framtoning enn menn er.
Hustads poeng ser ut til å vera at kvinner biologisk er dømde til å ta umoralske val. Og her slår biologismen inn for alvor. Påstanden er at kvinner og menn har biologisk forskjellige hjernar, der menn er meir moralske enn kvinner, samstundes som desse mennene til liks med Jon Hustad altså ikkje kan skilja mellom valdtekt og samleie. Kvinnehatet ligg tjukt i Hustads forsøk på å gje kvinner skulda for eigen undertrykking. Det er desse haldningane som må nedkjempast om valdtektssakar skal bli tatt på alvor her i landet.
Ane Stø
Asta B. Håland
Kvinnegruppa Ottar