Arkiv

Abort og moral

Innlegg i Stavanger Aftenblad av Asta Beate Håland, 10. desember 1993

Diskusjonar om abort har ein lei tendens til å dreia seg om den enkelte sin moral. Spørsmålet handlar meir om kva moral samfunnet skal ha. Sjøl om eg er svært usamd med motstandarane av abort i konklusjonane deira, er eg samd med dei når det gjelddette spørsmålet: Samfunnet må ta ansvar for det syn og den praksis det har på abort. Mange er djupt skeptisk til den abortlova me har i dag. Eg meiner at samfunnet tar ansvar når dei innfører sjølvald abort, samfunnet seier mellom anna at barn skal vera ønska når dei kjem til verda.

Liberaliseringa av abortlova dei siste 30 til 40 åra hadde sin bakgrunn i auka forståing for at det var naudsynt å få ned talet på dødsfall blant gravide kvinner. Sosial rettferd var også viktig i denne prosessen. Ved vanskeleg tilgang til abort går det alltid ut over dei fattigaste. Engelske styresmakter reknar med at over 7000 irske kvinner tar abort der i landet kvart år. Dei som ikkje har råd til å ta turen, oppsøker kvakksalvarar eller prøver å greia det sjøl. Ofte med invaliditet eller død som resultat. Slik var det i dei fleste europeiske land før om åra. Dei rike døydde sjeldan på grunn av illegale abortar. I Polen har dei i år tatt vekk retten til abort, og nå finn dei barnelik på søppelhaugane.

Forbud mot abort fører ikkje til at tala på abort blir lågare. Derimot fører det til farlegare abortar. Kva det kostar i morlause barn, dårleg folkehelse og invaliditet kan me knapt forestilla oss. Norge har ei god abortlov, me har tilgang på prevensjon og låge aborttall. Det er blitt sagt og skrive så mange gonger nå at talet på abort i Norge er høgt, at folk trur det. Helsedirektoratet seier det er vanskeleg å få talet på registrerte abortar under 9000, sjølv om det forebyggande arbeidet er optimalt. Ei av årsakene er at prevensjon sviktar, ingen av dei tilgjengelege prevensjonsmidla er gode nok. Eit tal på 15 000 abortar kvart år er i eit slikt lys ikkje høgt.

Så seier nokon at kvinner kan velga om dei vil ha eit seksualliv eller ikkje, dei kan velga å bruke prevensjon eller la vera. Ei sak er at i denne verda kan mange kvinner ikkje velga om dei skal vera seksuelt aktive eller ei, ei anna sak er at det ofte ikkje er tilgang på prevensjon. Bare for å ta eit eksempel: Det som tidlegare var Sovjetunionen, har 70 millioner kvinner i fruktbar alder og ingen fabrikk som produserer moderne prevensjon.

Der talet på abort har gått ned, er i dei landa kor sjølvald abort har vore ein viktig del av ein omfattande familiepolitikk.

Når eg seier at Norge har låge aborttal, så er det ikkje for å bagatellisera omfanget. World Watch instituttet har rekna ut at talet på verdsbasis er om lag 50 millionar abortar kvart år. I Aust-Europa er det fleire abortar enn fødslar, i Sør-Amerika er komplikasjonar etter illegale abortar den viktigaste dødsårsaka for kvinner i fruktbar alder. Kvinner sin rett til sjøl å velga når, om og kva tid ho skal ha barn, er grunnleggande. Det er også retten til eit tilfredsstillande helsetilbod. At me her i landet har eit tilfredsstillande tilbod når det gjeld den fysiske helsa, må ikkje få oss til å tru at fysisk helse er det einaste som er involvert når kvinner tar abort.

Den norske abortlova er flott på papiret, men praksis er verre. Utfrå lovteksta skal alle som har behov for det, ha tilgang på rådgjeving og samtale. Denne delen av lova har aldri virka skikkeleg, men før om åra då abortinngrep førte til nokre dagars opphald på sjukehus, fekk kvinna ofte tilbod om samtale med sosionom eller prest. Etter kvart som sjukehusa har innført abort som polikliniske inngrep, blir virkninga av mangelen større. Eit skikkeleg aborttilbod kan vera poliklinisk, men det forutsett eit skikkeleg og nøytralt tilbod om råd og veiledning før inngrepet, og tilbod om oppfølging med psykologteneste etter aborten.

I Norge er nå AAN (Alternativ til Abort i Norge), ofte det einaste tilbodet som er tilgjengeleg, og mange vil på grunn av livssyn og politikk ikkje oppsøka dei. Sjøl om AAN erklærer seg som politisk og religiøst uavhengige og arbeider i tråd med abortlova, vil dei som arbeider der, aldri råda ei kvinne til å ta abort. Derfor må kvinnerørsla legga meir tyngde bak kravet om eit skikkeleg og nøytralt tilbod før og etter abortinngrep.