Arkiv

Chippendales og puppebarar

Kronikk i Stavanger Aftenblad av Asta Beate Håland 19. mars 1993

Me har blitt oppfordra til å senda gammalt undertøy til sosialministeren, og eg håper Grete Knudsen får mykje post. Utan press gjer politikarane lite. Dei ser helst ein annan veg og latar som dei ikkje ser, eller aner ikkje kva saka handlar om. I Bibelen blir det kalt å vaska hendene sine, og det er populært også her lokalt. Toralf Eskedal som sit som styreformann i Konserthuset, og attpåtil er medlem i KrF, vaskar hendene sine offentleg når det kostar for mykje å ha prinsipp. Plutseleg er han ikkje lenger moralsk forarga over strippeshow i byen. Eg håper alle KrF-velgarane i Rogaland bit seg merke i kva som skjer.

Situasjonen når det gjeld porno- og prostitusjon er alvorleg. Dagbladet fløymer over av annonser, bordell gror opp som paddehattar, Oslo har fått topplaus servering og kvinner i bur. Strippehowa blir sendt på turne rundt i landet, og reklamen blir meir og meir aggressiv.

I dag med ei arbeidsløyse på over 200 000, og der arbeidsløysa er størst blant ungdom, opplever mange unge jenter å få mange tilbud om prostitusjon når dei søker på vanlig jobb. Me ønskjer ikkje at unge jenter skal oppleva prostitusjon, striptease og topplaus servering som eit alternativ til å gå utan arbeid. Derfor er det viktig å ha ein høg terskel mot prostitusjon.

Samstundes er det naudsynt å minna om at oppblomstringa av puppebarar og bordell ikkje bare er kvinnesak. Det ser me her i byen, der grensene nå blir flytta med hjelp av eit delikat anretta mannleg strippeshow. Chippendales har til overmål fått lov til å bruka byen si storstue. Det kan virka ufarleg med eit slikt show, og det kan virka upopulært å aksjonera mot arrangementet. Men me kan bare sjå på Oslo og tilstandene der, så blir det klart at det er naudsynt å krangla på grensene.

I Mødrelandet har me fått likestilling, blir det sagt. Det er like mykje lov for kvinne og mann å gå med bar overkropp når dei serverer øl. Likeeins å kle seg nakne, bukta og by seg fram etter diskomusikk. Musikken gjer nemleg dette til kunst, ifølge sjefen på konserthuset. Og valet er heilt frivillig. Det som ikkje vil gå på strippeshow og puppebarar kan bare halda seg unna. Me som ikkje vil bu i eit land der kjønn er vare, og der kjønnsorgan er til salgs i kvar kiosk, er det ikkje så viktig med. Me får bare snu oss vekk, så slepp me å sjå. Ellers er me nemleg ikkje demokratiske i sinnelaget. Å vere demokrat er åpenbart det same som å vera for at menneske er til salgs, slik som andre varer. Dei var med i det Demokratiske Partiet, slaveeigarane i sørstatane og. Porno og prostitusjon er vår tids form for slaveri, ifølge FN blir det kvart år "rekruttert" ein million nye ungar til bransjen. Dei blir fanga og solgt. Valfridom er det lite snakk om.

Nokre seier at porno, prostitusjon, stripping med meir er heil i orden dersom bare begge kjønn kjøper kvarandre, då er det nemleg ikkje kjønnsdiskriminerande. Ei slik oppfatning har fått spre seg og er ei viktig årsak til at Chippendales-showa av mange kvinner blir oppfatta som uskyldig moro. Eg forstår at mange har behov for å hevna seg, men likevel skader dette porno og kvinnekampen. Med å godta Chippendales, vil det kommea tilbake som ein boomerang i ansiktet på oss alle.

Dei fleste har nok sett bilder frå Oslo-politiet si framferd mot demonstrasjonar utanfor puppebarar. Det er interessant korleis politiet, altså staten prioriterer krefter og pengar. Hallikane får bygga seg opp utan motstand, politiet har ikkje ressursar til å stoppa dei, fortel dei oss. Å demonstrera på fredeleg vis utanfor strippebulene, rettferdiggjer derimot massiv innsats frå terrorpoliti og å senda hestar inn i folkemengda. I praksis betyr dette at me, som er mot salg av kvinner, blir handsama som kriminelle, mens hallikane blir verna av makta. Det er på tide å ta fram sinnet og forsvara det me har oppnådd dei siste 20 åra. Gløym nå ikkje å senda inn den gamle BH-en til sosialministeren!