Arkiv

Lysistrata

Kronikk i Stavanger Aftenblad av Asta Beate Håland 24. januar 1994

Det er laga skuespill om Lysistrata, eller rettere sagt ein farse. Ideen har forårsaka latter i 4000 år. Lysistrata var lei av dei stadige krigane dei greske bystatane førte mot kvarandre. Då Peleponnes-krigen var i sitt 29. år foreslo ho at kvinnene skulle nekta å ha seksualliv for å få slutt på våpengnyet. Denne sengestreiken skulle vara heilt til mennene tok til fornuft og slutta fred, og kvinnene stengte seg inne på Akropolis til krigen var over. Det oppbyggelege i historien ligger i at den virka. Aksjonsformen førte til at mennene slutta fred.

Dersom mennene ikkje hadde tatt til fornuft kunne konsekvensane blitt store. Ikkje bare i tapt sengeleik, men i manglande barn til å bera samfunnet vidare. Ein verknad som var skremmande på samtida. I nåtida merker derimot mennene knapt kva som skjer, for Lysistratas parole har stor oppslutning.

I dag kan kvinner i store deler av Europa sjøl bestemma om dei vil ha barn, kor mange dei vil ha, og når dei vil ha dei. Og dei bruker denne retten. Det er eit paradoks at mens jorda si befolkning aukar dramatisk og når seks milliardar før tusenårsskiftet, så klarer ikkje Europa å oppretthalda folkemengda. Nå er ikkje det nokon katastrofe frå min ståstad, Europa er altfor tett befolka, men tala seier mye om kva som skjer. Ikkje bare i Øst-Europa, der fødselstala har sunke dramatisk. Men også sørlige land som Italia og Spania. Ja, faktisk i det meste av Europa. Konsekvensane på sikt med stadig fleire eldre og stadig færre yrkesaktive er lette å sjå. Er det krise i eldreomsorgen i 1990-åra, så bare vent om 20 år.

Den politiske arenaen viser ein påtakeleg mangel på kvinner. Ikkje bare som personar, men også som gruppe. Det er ikkje våre problem eller røyndom som preger planer og debattar. Kvar gong eg ser Dagsrevyen, er det like synleg. Menn i dress styrer denne verda. Nå skal dei nye pampane i øst gjera om ein forsteina planøkonomi til frislept og lovlaus marknadsøkonomi, og som så mange gonger før i historia er det kvinnene og barna som får den tyngste børa. I Tsjekkia og Slovakia møter du horene med ein gong du kjem over grensa, Praha skal ha fått 30 000 nye prostituerte dei siste åra. Bordella i Tyskland og Nederland er fulle av kvinner frå øst. Over heile området auker mengda av tiggarar på gata. Mange gamle, både kvinner og menn, men også kvinner med små barn. I det gamle Øst-Tyskland steriliserer kvinner i 20-åra seg nå. Nokre av dei har eit barn, andre har ingen. Dei grunngjer det med at det då er mulig å få jobb, og at det er umulig å forsørga barn slik stoda er. Framtida må sjå dyster ut når dei tar slike drastiske åtgjerder. Men det er ikkje bare i øst. I det katolske sør har kollisjonen mellom det tradisjonelle familie- og kjønnsrollemønsteret og kravet om likestilling mellom kjønna ført til at mange kvinner verken gifter seg eller får barn.

Unnataket er altså oss. I takt med at fødselspermisjonane har blitt lengre og barnehagane fleire, har fødslane i Sverige og Norge auka dei siste åra. Det er faktisk like lett å lesa ut av statistikken som fallet på barnefødslar i øst kan relaterast til muren sitt fall. Det er eit viktig perspektiv å ha med seg når diskusjonen nå går om yrkeskvinner og barnestell. Ropa dei siste åra om kvinner si ansvars-løyse har blitt stadig høgare. Barnehagar blir framstilt som mishandling av barn, og yrkeskvinner som dårlege mødre. Dersom dei som ropar får gjennomslag, kan det henda me ikkje får så mange mødre. Det er det dei opplever i resten av Europa. Lysistrata var ikkje dum.