Kvinner for fred verda rundt
08. mars 2007
Samla av Wenke Gulløien
Bestemødrene på Maiplassen
kom til etter eit militærkupp i 1976 i Argentina. 30000 menskjer i alle aldre og frå alle sosiale lag forsvant. Etter kuppet samla mødrene til ofra seg kvar torsdag på Maiplassen framfor regjeringshuset. Dei krevde stille ei forklaring frå regjeringa. Etterkvart organiserte dei seg, og arbeider framleis.
Les meir på http://en.wikipedia.org/wiki/Grandmothers_of_the_Plaza_de_Mayo
The Women’s International League for Peace and Freedom (WILPF)
er den eldste fredsorganisasjonen for kvinner i verda. Den vart grunnlagt i april 1915, i Haag i Nederland. Kvinnene jobber for fred, menskjerettar og nedrustning lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Dei mobiliserar kvinner overalt gjennom sine mange aktivitetar.
Les meir på http://www.wilpfinternational.org/ eller den norske nettsida til Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet www.ikff.no/
Bestemødre på Stortings plass
sto foran Stortinget i Oslo i 20 år. Her sto dei alle laurdagar og prata med folk og trøsta. Organisasjonen blei lagt ned i 2003, men eit par månader seinare, skipa 5 av dei Bestemødre for fred.
Les meir på http://no.wikipedia.org/wiki/Bestem%C3%B8dre_mot_atomv%C3%A5pen
Women in Black, WiB
finst i heile verda, og byrja i 1988 i Israel. Kvinnene arbeider for ei verd der forskjell ikkje betyr ulike mulighetar, undertrykking eller ekskludering, men heller rettferd og fred. Dei kler seg i svart, sit eller står på offentlig plass, stille med plakatar og løpesedlar. Dei kan og blokkere vei, gå inn på militære basar eller andre forbudte område.
Les meir på www.womeninblack.org/