Arkiv

Punktdemonstrasjon i Nedre Strandgate

av SOLFRID HESKESTAD 

Det var ei stund sidan sist Kvinnegruppa Ottar arrangerte punktdemonstrasjon i Nedre Strandgate, Gamle Stavanger. For oss er dette ein aksjonsform som krev presisjon og disiplin. Å stå midt i horestrøket med stort banner som har teksta ”Kriminaliser horekundene” er utfordrande. Budskapet er at me ikkje godtar at kvinner er ei vare. Ottargruppene i Oslo og Bergen hadde spurt å få bli med for å støtta oss og henta erfaring. Punktdemontrasjonen var planlagt i detaljar. Så var endeleg dagen der, søndag 7. mai, ein lys og mild vårkveld. Søndag er etter all erfaring den dagen då der er flest horekunder i byen. Alle demonstrantane var på plass i løpet av ti minutt. Nokre mannlege medlemmer møtte opp og stod i kanten av området vårt for å vera sikkerhetsvakter i tilfelle voldelege episodar. Det har vore mange episodar gjennom dei ni åra me har aksjonert i Nedre Strandgate; me har blitt trua med maling, kniv, egg og varm te og sikkert meir som eg ikkje hugsar. Tre av dei flotte bannera er blitt øydelagte. Demonstrantane tok på seg klede som kunne tåla ein støyt.

Denne kvelden oppstod det ingen dramatiske hendingar. Me såg heller ikkje bilar frå Kirkens Bymisjon, dei har nokre gonger lagt seg opp i markeringane våre. Dei prostituerte, anten dei kjem frå Nigeria eller andre stader, trakk seg raskt tilbake. Nokre bilar med det me trur er hallikar, snegla seg forbi og såg olmt på oss. Nokre mannegjengar i bil køyrde fram og tilbake, viste fingeren i avsky og ropte til oss. Stavanger har nok av rånarar, det er heilt sikkert, men eg trur at fleirtalet av dei me møtte sympatiserer med oss. Ein gjeng frå Gamle Stavanger kom ned og takka oss.

Me pakka saman etter to timar og var fornøgde med innsatsen. Nok ein gong hadde me vist at Stavanger også er vår by og at me ikkje godtek horekundene sitt misbruk av kvinner.