Holdt av Anne Kalvig, Kvinnegruppa Ottar Rogaland, i Stavanger 8. august 2016
Hemsedalsaka er eit grusomt og opprørande døme på at kvinners rettssikkerheit i Norge er alt for dårleg, og på at det er straffefridom for voldtekt. Men i positiv forstand har saka ført til eit voldsomt engasjement, og Andrea Voll Voldumhar vist stort mot og styrke! Nok er nok! Verken kvinner eller menn vil sitta og sjå på at menns vold mot kvinner og seksualisert vold blir bagatellisert og gjeve fritt leide i rettssystemet vårt!
Kvinners kollektive innsats gjennom kvinnerørsla, saman med mannlege støttespelarar, har ført til store endringar kva gjeld forståinga av seksualisert vold i samfunnet vårt. Når me veit kor enorme mørketal som likevel finst når det gjeld menns vold mot kvinner, kor forsvinnande få domsfellingar som skjer i voldtektssaker, og kor utsette særleg unge jenter er, har me eit nedslåande bevis for at patriarkatet lever i beste velgåande, også i såkalla «likestillingsland». Men det er menneske som utgjer samfunn og kultur, maktstrukturar og lovanvendelsar, og dermed er det alltid mogleg å endra situasjonen. Det er dét me står saman og krev i dag!
Norge som rettsstat oppfyller ikkje sine plikter til å verna om kvinners rett til liv, helse, eit liv utan vold. Voldtektsbestemmelsen i norsk lov er ikkje ein gong i tråd men internasjonal rett, fordi han ikkje er samtykkebasert, og i nær halvparten av seksuallovbrotssakene har etterforskinga låg eller veldig låg kvalitet og effektivitet! Og slik forsett det heilt inn i rettssalen: overveldande bevis, vitne, sakkyndige sine fråsegner og offeret sine skadar blei satt til side av lekdommarane i Hemsedalsaka. Massive fordommar, både mot kvinner og menn, har fått fritt utløyp. Faginstansane har heller ikkje sikra at saka blei prøvd vidare, sjølv om dette var mogleg.
Viss me skal få bukt med menns vold mot kvinner må heile samfunnet ta del i eit løft! Seksualitet, kjønn, vold og grensesetting må inn som tema i utdanningssystemet vårt på ein heilt annan måte enn nå, og holdningskampanjar ut til hele befolkninga – målet må vera at voldtektene aldri skal skje, skaden skal ikkje bli gjort! Unge gutar skal ha ei soleklar forståing av kva samtykke og seksualitet handlar om – pornokultur er eitt alvorleg hinder her. Politi og rettsvesen må skolerast, dei må prioritera sakene, og kreva og sjølve gje tilstrekkelege ressursar. Fordommar og kjønnsmakt skal ikkje blinda verken faginstansar eller lekdommarar, og skal lekdommarinstitusjonen bestå, må han kvalitetssikrast.
Andrea Voll Voldum fortel at ho har fått hundrevis av tilbakemeldingar frå jenter og kvinner som har opplevd det same som henne – den eldste som har tatt kontakt så langt, er 63 år. Men me viser nå at me står saman om å seia: nok er nok! Og dommen i Hemsedalsaka kan ikkje bli ståande: kronerulling er i gang for å få saka til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, om der ikkje kan gjerast noko på nasjonalt nivå. Me skuldar Andrea, alle andre offer for seksualisert vold, oss sjølve og våre barn at denne frifinninga ikkje blir ståande!