Arkiv

Kunst mot kvinnedrapa i Juarez, Mexico

Tale av Anne Kalvig i høve opninga av utstillingane "Desconocida - Unknown - Ukjent" av Lise Bjørne Linnert og "The Condemned City in the Desert of the Damned" av Teresa Puig, Hå Gamle Prestegard, 4. september 2010

Hå Gamle Prestegard har valt å la to kunstnarar med ein tydeleg bodskap opna utstillingar her i dag. Lise Bjørne Linnert og Teresa Puig sett på ulike vis fokus på vold mot kvinner, med utgangspunkt i situasjonen i den meksikanske grensebyen Juarez. Kunstnarane ønsker å gjera folk merksame på at det i denne byen, prega av multinasjonale selskap sine fabrikkar og narkotikaindustri,  blir utøvd vold mot kvinner av epidemisk omfang. 800 unge kvinner har blitt torturert, valdtekne og drepne her dei siste 17 åra. Hundrevis er forsvunne og etter all sannsynlegheit drepne, så talet er i realiteten langt høgare. Prostitusjonen florerer i Juarez, saman med annan vold mot kvinner.

Kva er det med Juarez? Korfor er problemet med menns vold mot kvinner så ekstremt uttalt her? Eg skal ikkje forsøka meg på nokon omfattande analyse i denne samanhengen, men den økonomiske globaliseringa og hyperkapitalismens stadige etterspørsel etter billig og uorganisert arbeidskraft, kvinners underordna status og posisjon her som elles i verda, kopla med narkotikakartell si omfattande makt og innverknad på meksikansk politisk liv og struktur er noko av konteksten for drapa. I tillegg kjem volden og råskapen sin primitive smitteeffekt. For ikkje lenge sidan hadde me i Stavanger ei auke i ein bestemt type voldtekter, overfalls- og såkalla taxivoldtekter, ei ”voldtektsbølgje” som kanskje representerte noko av same smitteeffekt, og som vakte oppsikt i politikretsar internasjonalt grunna omfanget i forhold til folketal. Heldigvis ser det ut til at det sterke fokuset denne type voldtekter fekk, saman med domsfellingar, stogga nett denne voldsspiralen i vår region. Men drapa i Juarez blir ikkje oppklarte, dei blir ikkje ein gong etterforska. Meksikanske styresmakter har avvist hjelp frå USA i denne situasjonen.

Ingen land eller by ønsker å få særskilt merksemd som ein stad der menneskerettar blir systematisk undergravne. Det tyder ikkje at samfunnstoppar eller makteliten i slike land eller byar naudsynleg meiner menneskerettane blir angripne, kanskje meiner dei menneskerettane ikkje gjeld for alle. Kanskje er nokre menneske mindre verd, som t.d. kvinner. Då vil ein ikkje ha særskilt fokus på kvinners liv og livsvilkår. Tal på voldtekter blir estimert til 16 000 årleg her i Noreg. Dei aller, aller færraste når rettsappartet, og dei som gjer det, ender ofte med frifinning. Når menn drep sine kvinnelege partnarar eller ekspartnarar her heime, blir det framleis gjerne kalla familievold snarare enn menns vold mot kvinner. 8-10 kvinner i Noreg blir kvart år drepne. Det er langt frå omfanget i Juarez, men uttrykk for same strukturelle vold mot kvinner. For alle desse kvinnene og deira eventuelle barn og familiar, handlar det om vold, lemlesting og død, kvinnene blir frårøva livet, medan situasjonen som mogleggjorde eller tilrettela for deira tap av liv, held fram.

Mangelen på fokus og forståing av at kvinner er fullverdige menneske, ligg til grunn for mykje av den globale forteiinga og mangelen på tiltak retta nettopp mot kvinner. FNs Kofi Annan omtalte i si tid menns vold mot kvinner som verdas største menneskerettsbrot, og det største hinder for global utvikling overhovudet.

Med sine to ulike kunstnarlege responsar til denne situasjonen, representerer Bjørne Linnert og Puig opprøret og håpet. Desse kvinnene har sett situasjonen i Juarez og latt seg opprøra, dei har ikkje lukka auge og øyre for lidinga og smerta, men tvert i mot gått like inn i denne, for å skapa forandring. Felles for deira responsar er minnet. Gjennom å minnast, tvingar me oss sjølve og verda til å ta ansvar, og gjennom å minnast, tilbakefører me verdet og det unike ved kvar enkelt av desse kvinnelagnadene. Puig, som har kalla utstillinga si The Condemned City in the Desert of the Damned, har valt å fokusera på det visuelle, andleta og namna til nokre av dei døde, som gjer at dei trer fram for oss, blir noko meir enn eit tal i ei rekke, slik alle menneske har krav på å vera. Bjørne Linnert har latt sitt kunstprosjekt, Desconocida – Unknown – Ukjent ta utgangspunkt i broderiet, i den tradisjonelle kvinnesysselen, og ho har gjennom 4 år invitert menneske frå heile verda til å bidra med å brodera namn på drepne og sakna kvinner. Slik har dei båe laga rom for å minnast dei døde og minna oss levande på kva verd me lever i, og kva ansvar me har for å gjera denne verda til ein leveleg stad for alle. Slik er ikkje verda i dag.

Som kvinneaktivist er eg overbevist om at kunst kan bidra til å forandra verda. Kunst har alltid vore ein del av den feministiske frigjeringsrørsla. Kunsten kan avsløra og framvisa urett, og minna om andre moglegheiter og skapa håp om endring. Ved å skapa endringar hos kvar enkelt av oss som ser på, beveger oss i og deltar i utstillingane og prosjekta, strekk Puig og Bjørne Linnert sin kunst seg bakover, i minnet om dei døde og deira familiar, utover, i minnet og sinnet til alle oss som får oppleva kunsten deira  og framover, i kravet og håpet om ei verd utan vold mot kvinner. Dei sprenger såleis grenser ved å ta utgangspunkt i grensebyen Juarez. Eg håper dei vil tenna viljen til vidare politisk engasjement hos publikum, i respekt for dei døde og i respekt for dei levande, kvinner, menn og barn, som alle lir i verd der kvinners menneskerettar ikkje er ein realitet.