Arkiv

Økonomisk feminisme og feministisk økonomi

Fyrst: Kva er feministisk økonomi?

- For det fyrste er det eit eige akademisk felt, eit tverrvitskapleg akademisk felt, som omfattar økonomi, men også andre fag. Det er mange ulike fagfolk, frå dei som nyttar mainstream økonomisk teori til å undersøkja nye område, til dei som legg andre økonomiske forståingar til grunn, men også folk som til dømes sosiologar som studerer fordeling og så bortetter.

Mange på venstresida har lært at ein har ein slags mainstream samfunnsøkonomi, og så har ein ein marxistisk som er noko heilt anna, der den sentrale usemja gjeld synet på verdi, der ein frå marxistisk hald vil seia at i vanleg samfunnsøkonomi er verdien lik bytteverdien, medan marxistisk økonomi tek utgangspunkt i at verdien er avhengig av arbeidet som trengst for å produsera vara. Feministisk økonomi er altså ikkje bunden av det eine eller andre økonomiske paradigmet, men har det sams med marxistisk økonomi at ein stiller spørsmål ved sjølve kva som vert verdsett og korleis?

- Du har nok rett i at det er fellestrekk, ved at ein legg vekt på bruksverdi framfor bytteverdi. Ein del av pionerane innan feministisk teori var feministar som arbeidde med marxistisk teori, som Selma James, som på 1950 og 1960-tallet kravde løn for husarbeid, sidan kvinners husarbeid produserte lønnsarbeidaren i det mannlege forsørgjararrangmentet i husmoræraen.

Er “feministisk økonomi” mest ein ting for akademikarar eller også relevant for ei breiare og meir aktivistisk kvinnerørsle?

- Nei, tvert om, feministisk økonomi er eit døme på at det å produsera ny kunnskap og bruka han er viktig i det å få til forandring. Eitt døme er det som vert kalla kjønnsbudsjettering, der ein reknar på konsekvensar for kvinner av økonomisk politikk. Her har det vore ein langvarig viktig allianse mellom tunge akademikarar og aktivistar, og mange akademikarar har teke ei aktiv rolle. I Storbritannia har ein gruppa UK Woman Budget Group, som kvar gong statsbudsjettet vert lagt fram, produserer motanalysar og reknar på kva konsekvensar det vil få for befolkninga, og særleg for kvinner. Dette har vore særleg viktig no under den økonomiske krisa, sidan nedskjeringane som fylgde henne særleg råkar kvinner, og aller mest einslege kvinner med barn og anna omsorgsansvar.

Denne gruppa har då lukkast med å koma til bordet og vera med og diskutera. Gruppa får ein dag i finansdepartementet i samband med budsjettframlegginga der dei legg fram analysar, og finansdepartementet må høyra på. Så det at det vert produsert ny kunnskap, og at han vert brukt til å få til forandring, er viktig for kvinnekampen. I Skottland har min medredaktør for Counting on Marilyn Waring, Ailsa MacKay, spela ei viktig rolle som professor i økonomi og aktivist gjennom Scottish Women's Budget Group og forskingsgruppa Women in the Scottish Economy.

Kva bør feministar som ikkje har studert samfunnsøkonomi lesa om ein vil læra litt om feministisk økonomi som ein kan bruka i kvinnekampen? Du har jo nettopp gjeve ut boka Counting on Marilyn Waring, som kanskje ein kan seia syner verknadshistoria til den fyrste erklærte feministiske økonomen: Marilyn Waring.

- Counting on Marilyn Waring syner fram breidda i kva slags tema feministisk økonomi interesserer seg for, frå marknadsverdien av morskmjølk til menneskerettar. Elles tenkjer eg at Marilyn Waring sin gamle klassikar: If Women Counted (som kom i 1988, og også finst på norsk, med tittelen Hvis kvinner fikk telle) framleis er aktuell. Spørsmåla ho reiser og kritikken ho kjem med er framleis like relevant. Hennar poeng er at ulønt arbeid ikkje vert rekna inn i nasjonaløkonomien og brutto nasjonalproduktet, og det vert heller ikkje ting som  naturøydelegging. For eksempel fører miljøøydelegging, som store oljeutslepp, til økonomisk vekst, sidan mange folk må arbeida og få løn for å rydda opp.

- Etter at Waring skreiv boka vart det eit krav at ein skulle rekna inn ulønt arbeid og naturøydelegging når ein gjorde greie for eit samfunns økonomi, og til ein viss grad har det skjedd. I Noreg gjer SSB tidsbruksstudiar og reknar ut ein verdi på ulønt produksjon. Det gjorde dei fyrste gong i 1988 etter krav frå kvinneorganisasjonane og med høgrekvinnene i spissen. Og frå 2007 og fram til førre statsbudsjett har SSB lagt fram berekraftindikatorar med mål for mellom anna naturressursar som del av nasjonalrekneskapet og statsbudsjettet. I det siste budsjettet er dette fjerna utan nokon diskusjon.

- Men sjølv om denne kunnskapen no vert produsert, vert det ikkje lagt inn i staten si økonomiske planlegging, slik ho kjem til uttrykk i perspektivmeldingar til dømes, og då får det ingen konsekvensar for politikken, politiske og økonomiske prioriteringar, og det er veldig problematisk.

- Og det at det ulønte arbeidet som kvinner, men også menn gjer, ikkje blir verdsett, fører til at me får ei valdsam moralisering over einskilde grupper, der det vert sagt slikt som at kvinner som jobbar deltid ikkje bidreg nok til samfunnet.

Den norske feministiske økonomen Charlotte Koren seier, sarkastisk, i eit føredrag: “Slik kan man forske seg frem til at småbarnsmødre tar deltidsjobb fordi de har sterke preferanser for fritid.”

- Ja, eg føler at likestillingsprosjektet har enda opp med å verta einsidig. Det er viktig med økonomisk sjølvstende, men samstundes lever folk sine liv på ulike måtar. Eg tenkjer at fokuset på lønsarbeid gjer at det andre arbeidet er usynleg, å oppdra ungar, friviljug arbeid og så bortetter, alle arenaer i samfunnet der det er viktig at nokon bidreg, men der ein ikkje får løn.

Det er eit dilemma at kvinner og menn bidreg skeivt, men det er ikkje sikkert løysinga er at ingen skal gjera det ulønte arbeidet.

- Charlotte Koren si bok Kvinnenes rolle i norsk økonomi vil eg også tilrå å lesa. Der syner ho at mykje av det arbeidet kvinner før gjorde ulønt gjer dei no for løn, anten i stat eller kommune. Ho meiner at tala me har for BNP er overdrivne, sidan ein tel det at kvinner har flytt innsatsen frå ulønt til lønt som nettogevinst. Medan gevinsten når det gjeld kva ein produserer ikkje er like stor. Det er ei viss effektivisering, men ikkje så stort som me får inntrykk av gjennommåten arbeidet vert talt på.

Ser du ein motsetnad for kvinnerørsla mellom krav om verdsetjing og synleggjering av kvinners ulønte arbeid og å arbeida for at kvinner skal ha same høve som menn til å delta i arbeidslivet (og fritt velja yrke) og vera økonomisk sjølvstendige?

- Eg tenkjer at noko av det viktigaste er å vera mindre moralistisk og meir pragmatisk, til dømes når det gjeld omsorgsarbeid. Me må innsjå at det er viktig, og samfunnet ville ikkje fungera utan at nokon tek det ansvaret. Slik det er no vert kvinner straffa økonomisk for at dei tek på seg dette viktige arbeidet. Dette er eit vanskeleg spørsmål for kvinnerørsla.

- No er norske kvinner verdsleiande i å ta utdanning og ha lønsarbeid, og eg trur ikkje ei reversering av dette er noko me kjem til å sjå, sjølv om det stendig vert truga med “tilbake til kjøkenbenken”-spøkjelset i debatten. Men kva skal ein gjera med det som vert att av arbeid i heimen? I det offentlege ordskiftet har svaret på det vore pappaperm, pappaperm. Men eg er ikkje sikker på at det løyser problemet.

Ja, du har hevda med utgangspunkt i tidsbruksstudiar, at sjølv om me har pappaperm, og far har fått større rettar til å vera heime med barn, så har ikkje fordelinga av arbeidet i heimen jamna seg ut slike ein kanskje skulle tru, eller forventa?

- Ja, eg meiner at ein må sjå på korleis ein kan driva økonomisk omfordeling slik at kvinner ikkje taper på å gjera omsorgsarbeid. Skal belønningssystema reflektera at ulønt arbeid er viktig?

- I dag tykkjer eg alle har låst seg fast i at dersom ikkje menn og kvinner gjer akkurat like mykje av alt, så kan liksom kvinnene ha det så godt.

Kvinner og menn deler jo mykje på omsorg i dag, kanskje har me kome til grensa for den strategien? I dag er det også veldig økonomisk risikabelt for kvinner å leva i slike forhold der mannen er hovudforsørgjar og ein sjølv tek hovudansvar for barn, hus og heim og arbeider mindre og/eller i ein jobb med dårlegare løn. Før vart kvinner kompensert for denne forskjellen ved skilsmål, men i dag er reglane endra slik at kvinners innsats i fellesprosjektet, vert nulla ved skilsmål.

 Kva meiner du me skal gjera, då?

 - Eg har ikkje svaret, men eg tenkjer igjen at det er viktig å gjera som dei fyrste feministiske økonomane, å synleggjera at ulønt arbeid er verdiskapande og dessutan livsnødvendig for samfunnet.

Dette leiar også til eit anna poeng innan feministisk økonomi, som handlar om at me som menneske er avhengige av einannan?

- Det er ein filosofisk kritikk av den nyttemaksimerande, autonome rasjonelle aktøren som ein opererer med i samfunnsøkonomien. Feministisk økonomi er oppteken av at ein er relasjonelle aktørar, ein lever i konkrete samanhengar med andre menneske, ein er knytt til andre på ulike måtar, også emosjonelt, og dette har noko å seia for arbeidet og for økonomien.

Denne kritikken av det liberale subjektet har feministisk økonomi til felles med feministisk filosofi, feministisk rettsvitenskap og deler av familiesosiologien. I Noreg var sosiologen Kari Wærness tidlig ute med begrepet omsorgsrasjonalitet. Ho var også den fyrste som ba SSB beregne verdien av uløna hushaldsarbeid.

- I dag har feministisk økonomi utvida verkeområdet. I dag handlar det også om å halda statar ansvarlege for dei økonomiske konsekvensane politikken får for menneske. På den måten held feministisk rettstenkjing og økonomi mykje på med det same, som at ein er oppteken av rett til vatn og rett til land og så bortetter, ein er oppteken av den økonomiske organiseringa av samfunnet på eit makroplan. Og konsekvensane det har for kvinner og andre utsette grupper.

- I dag er fleire feministiske økonomar skeptiske til å telje meir, for eksempel å ta med uløna arbeid i BNP: Det er ikkje gitt at svaret er å leggje meir inn under økonomien, men heller å ta større kontroll over økonomien og underleggja han samfunnet. Her ser mange menneskerettane som eit viktig verkty.

Kan feministisk økonomi hjelpa kvinnerørsla til å ha gode kampsaker som gjeld kvinners økonomi?

- Ja, absolutt! Eg meiner at me må fylgja pengane og vera meir opptekne av dei økonomiske konsekvensane av alle slags politikk. Det er kome ei rad framlegg frå regjeringa me har no som vil gå utover kvinner. Som skattereforma: Skattelette til dei rikaste tener menn på, fordi dei tener mest, og kvinner taper, fordi skatteletta skal finansierast med mindre offentleg velferd. Velferdsstaten er i stor grad kvinners verk. Det er eit fleirtal kvinner som arbeider i velferdsstaten som tilsette, og det er flest kvinner som brukar tenestene, så kvinner har mest å tapa på nedbygging av velferdsstaten.

- Me bør krevja at styresmaktene legg på bordet utrekningar av korleis budsjetta råkar kvinner. Det har Noreg forplikta seg til gjennom FN, men bryt med det kvar gong.

 - Då trengst ei kvinnerørsle som kan syna konsekvensane av kutta for kvinner og skrika opp.

Margunn Bjørnholt er sosiolog og forskar i Policy og Social Research AS, og tidlegare leiar av Norsk Kvinnesaksforening og Norges kvinnelobby.