Arkiv

Prostitusjon som kunst?

Innlegg av Anne Kalvig i Bergens Tidende 17. februar.

Festspela i Bergen ved direktør Anders Beyer, gjev scene til oppsetjinga «Lyst #2» fordi årets festspel har tema «Tro og tvil».  Til NTB spør Beyer: «Hva kan vi egentlig tro på i dag? Kunsten er en mektig rettesnor til både etablerte og nonchalante holdninger, fordi den peker på viktigheten av å legitimere tvilen, flertydigheten og kompleksiteten. På Festspillene presenterer vi mange alternativer, men ingen alternative fakta eller fasitsvar.»

I dette tvilande, undrande festspelrommet skal «Lyst #2» la Bergens-publikumet få prøva seg som sexkjøparar. Ein offentleg finansiert festival frontar altså lovbrot med mål om å utfordra grenser, slik Beyer framheld i BT 12. februar. Prostitusjon omdøypt til sexarbeid er alternative fakta, omgrepet er skapt av pro-prostitusjonslobbyen, leia av hallikar, for å spreia løgna om prostitusjon som eit normalt arbeid og ikkje vold, krenking og utnytting.

Skjermdump fra Bt.no

Skjermdump fra Bt.no

Festspela vil bidra inn i ein kjønnspolitisk debatt i ein by med nær seks gonger så mange dommar innan menneskehandel som Oslo, sett i høve til folketalet. Heldigvis vel Exit-gruppa ved politidistrikt Vest og folk som politiadvokat Rudolf Christoffersen å tru på norsk lov og internasjonal kunnskap, og ikkje lallande, historielause kulturinstitusjonar. I eit intervju i Sykepleien 18. januar fortel Christoffersen: «Jeg er ikke i tvil om at vårt forbud mot kjøp av sex er holdningsskapende. Jeg holder foredrag for skoleklasser så de skjønner hva de kan være med på, ved å benytte tjenestene som ofte tilbys gjennom menneskehandel. I Nederland vokser ungene opp med at halvnakne kvinner sitter i glassbur og tilbyr sex som den mest naturlige ting, mens vi kan si at i Norge er det forbudt å kjøpe sex». I staden for denne analysen, frontar Festspela eit lummert, fetisjerande prosjekt som einsidig påstår at nærleik til "sexarbeidaren" er noko me alle bør oppøva.

Skodespelar Eja Due improviserer som «sexarbeidar» og gjev liksom denne «arbeidaren» røyst og respekt ved å lata som om ho er i hennar posisjon. Due «setter sin egen kropp på spill i en interaktiv forestilling», hevdar Beyer. Nei, det gjer ho ikkje. Sexkjøparane i Bergen og alle andre stader krenker og øydelegg kvinner og barns kroppar og liv med å kjøpa og utnytta dei. Beyer, Due og Teater Bæst framstiller denne strukturelle volden som arbeid som blir vanskeleggjort av moralsk fordømming, prippenheit og mangel på refleksjon. Men prostitusjon er ikkje eit vonde fordi motstandarane er i vond tru, sexfiendtlege eller manglar respekt for prostituerte. Prostitusjon er skadeleg, på kort og lang sikt, personleg og strukturelt. Porno i alt større omfang er prostitusjonens biletuttrykk, og Metoo viser nokre av konsekvensane av dette heilskaplege biletet.

«Lyst #2» framstår som eit reaksjonært normaliserings- og estetiseringsforsøk, prakka på bergensarane av ein direktør som bedyrer at «sexarbeid foregår i det private, intime rom», at folk skal få «lyst til å reflektere rundt sexarbeiderens rolle og funksjon i vårt samfunn» og at «Ingen i forestillingen sier at prostitusjon er noe forferdelig». Valet og omtalen av denne «performancen» røper total kunnskapsløyse og alarmerande haldningar til prostitusjon som global vold mot kvinner og barn, til norsk lovverk og alle som kjempa fram forståinga av prostitusjon som vold og overgrep.

Den nordiske modellen legg ansvaret for prostitusjon der det høyrer heime, hos kjøpar, hallik og tilretteleggar av prostitusjon. Festspela sin posisjon nærmar seg sistnemnte.